- Det er klimakrise og FN har med dei sytten berekraftsmåla gitt verda ein felles arbeidsplan for å stoppe klimaendringane.
- Ein del av FN sitt arbeid med berekraft er verdas største byutviklingsprogram, United Smart Cities. Nye Ålesund, Sula og Giske er den første byregionen i Noreg som fekk vere med i dette programmet.
- Ålesund har også fått utfordringa med å bli verdas andre lab for utvikling av smarte og berekraftige byar. I laben skal partnarane finne smarte løysingar for å gi folk berekraftig livskvalitet. Du kan lese meir om laben her.
Kva er ein smart by?
Ålesund kommune er med i nettverket Smarte Byer Norge som definerer ein smart by slik:
«Ein smart by/kommune bruker digital teknologi og innovative metodar for å gjere kommunen betre for innbyggarane og kommunen meir produktiv.»
Nettverket skal drive fram berekraftig smartbyutikling og innovasjon ved å kople folk saman på tvers av fag, bransjar, organisasjonar og næringsliv.
Det er kostnadsfritt og uforpliktande å vere med i nettverket