Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Barnehagane, grunnskolane og vidaregåande skolar skal over på grønt nivå frå måndag 20. september. 

Koronatest | Vaksine | Smittetal | Alt om korona | Information about corona in other languages

Klynge og nettverk

Klynge og nettverk

Nye partnarskap er avgjerande for å nå FNs berekraftsmål

FNs berekraftsmål 17 er avgjerande for å nå dei andre 16 måla sett av FN. Kvar enkelt aktør kan ikkje nå berekraftsmåla aleine - det gjeld offentlege aktørar, det private næringslivet og akademia. Vi må jobbe saman og samtidig.

FNs berekraftsmål

FNs 17 berekraftsmålI 2015 var FNs berekraftsmål ferdig utarbeidd. Berekraftsmåla er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikeheit og stoppe klimaendringane innan 2030.

Det er 17 mål som har 169 delmål under seg. Måla skal fungere som ei felles global retning for land, næringsliv og sivilsamfunnet (innbyggarar og organisasjonar).

Måla blei til på ein demokratisk måte som involverte 17 FN-organisasjonar, rundt 300 organisasjonar og fleire offentlege instansar. Dei som var med, var frå heile verda og nesten 10 millionar menneske fekk sagt si meining gjennom ei spørjeundersøking.

FNs berekraftsmål er delt inn i tre kategoriar

  • Miljø
  • Levevilkår
  • Økonomi

Bærekraftsnettverket

Ålesund kommune har saman med 11 andre kommunar  og tre fylkeskommunar forplikta seg til å gjere FNs berekraftsmål til sine. Tirsdag 26. mai blei Bærekraftnettverket konstituert med Asker, Bærum, Trondheim, Rana, Ålesund, Bodø, Haugesund, Karmøy, Kristiansand, Kristiansund, Molde og Stavanger kommunar og Møre og Romsdal, Trøndelag og Viken fylkeskommunar.

Les meir om arbeidet i nettverket på KS sine sider.

Grunnlaget for Bærekraftsnettverket har vore Stavangererklæringa frå 2019 der fleire kommunar blei einige om å danne ei plattform for eit samarbeid på tvers av landet om ei berekraftig utvikling. Nettverket har allereie etablert eit samarbeid med FNs økonomiske kommisjon for Europa (UNECE) og FN-programmet United for Smart and Sustainable Cities (U4SSC). Fleire kommunar har allereie tatt i bruk eit standardisert måleverktøy for legge til rette for målretta og strategisk utvikling av berekraftige kommunar.

Resultata frå FNs analyser av kor smarte og berekraftig eit samfunn er, er gjennomført av fleire norske kommunar og rundt 100 byar i resten av verda. Alle resultata frå målingane blir lagt ut på ei eiga nettside: Learningsociety.net

Du kan lese meir om sjølve analysen under her under overskrifta United for Smart and Sustainable Cities implementation program og meir inngåande på nettsida til Framtidslaben under Om oss.

Arbeidsmåte

Nettverket skal utvikle arbeidsmåtar og verkøty slik at kommunane gjennom samarbeid kan nå berekraftsmåla raskare. Dette vil bli synleg gjennom lokale utviklingsprosjekt, involvering av innbyggarane, samarbeid med næringslivet og lokale prioriteringar som et sosial, økonomisk og miljømessig berekraft høgare på dagsordenen.

Verdifullt

Å arbeide i nettverk er verdifullt. Det bidrar til læring og utvikling, det inspirerer og er forpliktande, og er ein verdifull samarbeidarena og møteplass om gir grobotn for innovasjon og nye løysingar.

Gjennom same type analyse for berekraftsmåling, skaffar vi oss god kunnskap. Denne kunnskapen kan  bidra til felles forståing for problem vi står ovanfor og felles innsats for å løyse dei mellom offentleg sektor, næringsliv, akademia og innbyggarar.

På bærekraftskonferansen The North West, som blei arrangert 30. september 2020, var nettverket på agendaen og blei i tillegg løfta  fram av statsminister Erna Solberg:

" The Norwegian Network of Excellence is a unique example internationally of cities and local communities working in tandem to get the job done."

 

Illustrasjon av logo for FNs program for smarte og berekraftige byar - United for Smart Sustainable Cities (U4SSC) - Klikk for stort bileteFNs program for smarte og berekraftige byar - United for Smart Sustainable Cities (U4SSC)  

United for Smart and Sustainable Cities implementation program

Ålesund  - saman med Sula og Giske, er den første byregionen i Norge som er tatt opp i FN-nettverket U4SSC - United for Smart and Sustainable Cities.

I tillegg er det etablert eit samarbeid mellom FN-nettverket og Offshore Simulator Center og datterselskapet Augment City ved Campus i Ålesund. Saman skal dei utvikle eit simuleringsverktøy for berekraftig by- og regionsutvikling.

Offshore Simulator Centre (OSC) har brukt 10 år på utvikling av avanserte simuleringsløysingar for offshore-industrien. I simulatorane kan ein vise store mengdar kompliserte data på ein måte som er både intuitivt og lettare forståeleg. No skal denne teknologien også brukast i eit smart by-konsept.

Gjennom nettverket, har eit team av internasjonale og lokale ekspertar samla inn data for å utvikle smartbyprofilen - ein analyse av regionens ståstad knytt til bruken av smart teknologi.

Her er eit lite utdrag av kva dei har funne: City_Snapshot_Alesund_Norway (PDF, 2 MB)(PDF)

Verification report from U4SSC/Her er rapporten (PDF, 13 MB)

Joel Mills frå Offhore Simulator Center, Bente Glomset Vikhagen ass. kommunedirektør, ordførar Eva Vinje Aurdal, Kari Aina Eik gen.sekr for U4SSC og kommunedirektør Astrid J. Eidsvik mottar beviset på at Ålesund er ein del av U4SSCip

Fleire artiklar om Ålesundregionen og smartbynettverket

Til toppen