Framtidslaben Norge - United Future Lab Norway

Framtidslaben Norge - United Future Lab Norway

Framtidslaben Norge er ein del av FNs smartbyprogram United for Smart Sustainable Cities implementeringsprogram. Laben ligg i hjartet av kompetanseklynga på Sunnmøre, på NTNU Campus Ålesund, Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK).

Framtidslaben er den andre i verda som FN er ein del av. Den første er i Wien.

Framtidslaben fungerer som eit partnarskap av aktørar frå offentleg sektor, akademia og næringsliv som saman ønsker å få fart på berekraftig utvikling. Med utgangspunkt i FN si berekraftsmåling, peikar lab og partnarar ut satsingsområde og prosjekt som kan bidra til dette.  

Gjennom medlemskapet i U4SSC ip er Framtidslaben Norge ein del av eit globalt nettverk der byar drar vekslar på kvarandres kunnskap og styrkar for å finne berekraftige og smarte løysingar. Framtidslaben er etablert og drifta av Ålesund kommune, men er avhengig av partnarane sine bidrag definert i partnaravtalar.

I filmen nedanfor fortel ordførar Eva Vinje Aurdal presenterer Ålesund kommunes tankar rundt berekraft og Framtidslaben. Den er laga av KS i anledning eit topp-politisk møte i februar 2020.

Meir informasjon

Sjå Framtidslaben Norge si nettside Framtidslaben Norge si nettside (unitedfuturelab.no) for å finne oppdatert informasjon.

Sjå vidoeoar frå partnartreff og liknande på Framtidslaben sin YouTubekanal der du finn videoar .

Ta kontakt

Til toppen