Bildelingsordning

Kommunen har kjøpt seg tilgang til bildelebilar frå firmaet OTTO mellom 07.30-16.30 på kvardagar. Slik slepp kommunen å kjøpe eller leige bilar. Her blir bildelingsordninga presentert.

Bil - Klikk for stort bileteEin av bilane som er med i bildelingsordninga

 

 

Kva

Bildelingsordninga er eit prøveprosjekt der kommunen leiger el-bilar som kan brukast av både tilsette og innbyggarar. Kommunen har kjøpt seg tilgang til bildelebilar mellom 07.30-16.30 på kvardagar. Utanfor desse tidspunkta er det fritt fram for kven det skulle vere å leige desse bilane.

Ordninga er enkel, alt er styrt av ein app som ein lastar ned gratis på mobilen sin og det er bildeleleverandøren OTTO Mobility AS som står for alt det praktiske rundt ordninga.  

Etter kvart vil også elsyklar og elsparkesyklar kome med i ordninga.

Kvifor

Målet er å:

  • legge til rette for auka bruk av bildeling
  • redusere samla bilbruk i regionen
  • stimulere til miljøvennlege transportformer

Bildeling er ei direkte reaksjon på kva FN seier ein smart og berekraftig by skal vere. Bildeling omfattar alle 3 dimensjonar av bærekraftsmåla; det sosiale, det økonomiske og klima/miljø-perspektivet. 

Økonomisk:  

  • Utfordre bil nr. 2 eller 3 i privathusholdningar  
  • Privatpersonar betaler for bil kun når dei bruker den  
  • Betre utnytting av kommunen sin bilpark, gir økonomisk gevinst  
  • Færre bilar gir eit bidrag til betre trafikkmønster  
  • Du slepp vedlikehald – forutsigbar økonomi.  

Klima og miljø:

  • Betre utnytting av dei bilane som allereie er produserte, bidrar til færre bilar  
  • Elbilar gir mindre utslepp  
  • Bidrar til materiell forbruksreduksjon.   

Sosialt aspekt:

  • Gir tilgang til bil for menneske som av ulike grunnar ikkje har eigen bil  
  • Kan bidra til mindre ulikheit, som t.d. manglande tilgang på bil av økonomiske grunnar.  
  • Kan bidra til mindre ulikheit som støttar t.d Røde Kors sitt HABIL-prosjekt: frivillige er ledsagarar på øvelsekøyring for elevar som skal ta sertifikat. 

Kvar

Otto har vel 20 bilar i regionen vår på desse lokasjonane:

  • Kremmergården (tilgjengelig for booking heile døgnet, må takast ut/leverast før porten i Kremmergården stenger kl. 23)
  • Kjøpmannsgt 3 på Aspøya (låst til kommunen dagtid, tilgjengelig etter kl. 15.30)
  • Vågavegen (låst til kommunen dagtid, tilgjengelig etter kl. 15.30)
  • Moa v/symjehallen (låst til kommunen dagtid, tilgjengelig etter kl. 15.30)
  • Blindheim helsehus (låst til kommunen dagtid, tilgjengelig etter kl. 15.30)
  • Brattvåg (låst til kommunen dagtid, tilgjengelig etter kl. 15.30)

Korleis

  • Last ned appen, du finn OTTO både i App Store og Google Play.
  • Registrer deg med BankID.
  • OTTO sjekkar førarkortet ditt mot Statens vegvesens database. Har du eit gyldig førerkort, vil du bli godkjent innan kort tid.
  • Finn din næraste bildelingslokasjon og velg bil. Har du ikkje lagt til betalingskort, gjer du dette før du reserverer bil.
  • Når du køyrer bil, bruker du telefonen som nøkkel under heile leigeperioden. Du får full oversikt over leigeperioden din i appen.

Detaljerte prisar finn du til ei kvar tid i Otto-appen. Generelt ligg timeprisen på ca 100 kr, varebil pt 170 kr. Døgnpris ca 650 kr.

Kven

Ålesund kommune, Framtidslaben, Ålesund parkering, TAFJORD og Sparebanken Møre samarbeider om ordninga.

Dokument

Dagens situasjon

  • 350 kommunale kjøretøy
  • Meir enn halvparten av bilane er ikkje i bruk kvar dag – 44 % av bilane er i bruk kvar dag i løpet av eitt år (helg og kvardag berekna).
  • Ca. 50 tonn utslepp av CO2 per år – minste estimat.
  • Drift: 11,5 mill. kroner per år i leasing/drivstoff/service (berre gamle Ålesund).
  • Parkering: 2, 2 mill. kroner per år (gamle Ålesund).
  • Bil- og køyregodtgjersle: 6,8 mill. per år
  • Totalt 20,8 millionar kroner.

KPI-analysen (tal frå 2018)

Del av daglege reiser som foregår med bil: 71 % (raud, lågast skåre)

  • Talet på bildelingsbilar per innbyggar (raud, lågast skåre)
  • Del av bilparken som er lågutsleppsbilar: 3,91 % (raud, lågast score)
  • Luftkvalitet (lite grunnlag, men dei målingane som er gjort, gir full skåre)
  • Klimagassutslepp

Aktuelle berekraftsmål

  • 9 – Innovasjon og infrastruktur
  • 11 – Berekraftige byar og samfunn
  • 13 – Stoppe klimaendringane

Heile KPI-rapporten frå FN

Heile KPI-analysen