Nye Emblem skule

Den nye Emblem skule vert tatt i bruk i januar 2023

Emblem skule

Kva bygger vi?

  • Prosjekt tittel: Emblem skule 
  • Byggested: Emblem 
  • Bruttoareal: 5800 m2 (Skole 4000 m2 Flerbrukshall 1800 m2) 
  • Planlagt oppstart: Samspill januar 2021, byggestart mai 2021 
  • Kostnadsramme: 230 000 000 (NOK 2021) 
  • Entrepriseform: Totalentreprise 

Det har vorte bygd ny barneskule på Emblem med kapasitet til 350 elevar i to parallellar og 35 tilsette.

Bygget har tre etasjar, der første etasje/ kjellar dekker halvparten av overliggande etasjar og med bakvegg under terrengnivå. Undervisingsareal er i 2. og 3. etasje og ligg rundt eit sentralt hjarte med bibliotek, opphaldsareal og amfi. Kvart trinn har eigen inngang.  

Kroppsøvingsareal var planlagt med storleik som volleyballbane (384 m2), men etter vedtak i kommunestyret er dette endra til fleirbrukshall med storleik som handballhall (1 128 m2). Finansiering av større hall skjer med auka spelemidlar, gåver og sponsorar. Samla areal er om lag 5 000 m2. Uteområde skal òg oppgraderast.  

Med bakgrunn i teknisk tilstand på eksisterande bygningsmasse vart det vedtatt at denne skal rivast i sin heilskap. Den nye skulen blir bygd ved sida av eksisterande skule som skal vere i bruk til den nye skulen er klar til direkte innflytting.

I samband med utbygginga vart det og bygd om lag 400 meter veg for å gi trygg skuleveg. Vegen blir utført i eigen hovudentreprise. Det var rekkefølgjekrav i reguleringsplanen om at vegen måtte byggast før skulen var ferdig.

Prosjektet for skulebygget vart utført som i totalentreprise og kontrakt vart inngått etter ein samspelsperiode.  

Når skal prosjektet vere ferdig? 

  • Planlagt oppstart på byggeplass: Juni 2021. 
  • Planlagt ferdig: Til jul 2022, uteområder våren 2023.

Framdriftsplan:

  • Mai 2020: Etablering av ny tilkomstveg 400 meter
  • Mai 2020: Riving av gymsal og garderobar
  • Juni 2020: Oppstart på byggeplass graving og råbygg
  • Januar 2022: Tett bygg, innvendig arbeid
  • August 2022: Oppstart testfase
  • Januar 2023: Skule og idrettshall skal takast i bruk
  • Våren 2023: Ferdig utomhus
  • Kven er ansvarleg? 

  • Prosjektansvarlig hos ÅKE: Jørn Johannesen 
  • Prosjektledelse: WSP ved Svenning Strand Fagervoll  
  • Entreprenør: Totalentreprenør Veidekke Entreprenør AS 
  • Arkitekt: vis-a-vis arkitekter ved Sonja Rød 

Meir informasjon

Facebooksida Nye Emblem skule, kor Veidekke informerer om framdrifta i prosjektet.

Sjå dronemodell frå før utbygginga starta.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete