Eidet skule

Det skal byggast ny skule på Eidet, som skal huse det som no er Vatne ungdomsskule, Vatne barneskule og Tennfjord skule.

Illustrasjon av eit skolebygg med elevar som leikar utanfor. - Klikk for stort bileteIllustrasjon av Eidet skule

Kva bygger vi? 

  • Prosjekt tittel: Eidet skule  
  • Byggested: Vatnevegen 41, Eidet 
  • Bruttoareal: 6850 KVM BRA
  • Planlagt oppstart byggeplass: 2023 
  • Kostnadsramme: 307 MNOK  inkl. mva.
  • Entrepriseform: Totalentreprise 

Eidet skule er ein ny barne- og ungdomsskule med plass til minimum 500 elevar som skal ligge på Vatneeidet.

Den nye skulen er ei samanslåing av Vatne ungdomsskule, Vatne barneskule og Tennfjord skule, vedteke i tidlegare Haram kommune, KS- 048/19. Eksisterande Vatne ungdomsskule skal rivast. Den sørvestlege delen av eksisterande ungdomsskule ligg vegg i vegg med Eidet kulturhall, som nyttast til mellom anna kroppsøving for skuleelevane i tillegg til kulturarrangement og idrett.  

Kven er ansvarleg? 

  • Prosjektansvarleg hos ÅKE: Hanne Helgesen  
  • Prosjektleiing: Ståle Ivar Hovden, XPRO  
  • Arkitekt konkurransegrunnlag: Slyngstad Aamelid Arkitekter
  • Totalentreprenør: Peab K. Nordang AS
  • Arkitekt: On arkitekter og ingeniører AS

Fremdriftsplan

Fremdriftsplan
Når Aktivitet
Februar 2023 Mobilisering
Juni 2023 Oppstart på byggeplass
Oktober 2024 Tett bygg, innvendige arbeider
Våren 2025 Riving av ungdomsskulen, utomhusarbeider
August 2025 Innflytting

Meir informasjon

Sjå byggeprogram for Eidet skule