Open barnehage

Vi skal bygge opne og trygge felleskap, gjennom å redusere isolering og auke integrering av barn og foreldre med fleirkulturell bakgrunn. 

Kvifor?

Dette er ein barnehage der foreldre og barn deltek saman i pedagogiske aktivitetar. Målet er å auke grad av barnehagedeltaking og inkludering av minoritetsspråklege familiar i det norske samfunnet. Barna i førskolealderen og foreldra kan få allsidig språkutvikling i eit trygt læringsmiljø. Barna blir kjende med og vann til å ta omsyn til andre barn og vaksne, og førebu seg på oppstart i ordinær barnehage.

Open barnehage er ein stad å få ankerfeste i det norske samfunnet for innvandrargrupper. Ein stad som kan vere «hjartet og magneten» i eit familiesenter som tilbyr eit breitt spekter av tenester, og som kan fange opp og møte hjelpebehov.

Korleis?

Drifta er basert på at dei som følger barna er ein del av bemanninga og aktivt tek del i det daglege arbeidet. 

Open barnehage har ingen søknadsskjema eller opptaksmøte. Alle har høve til å møte opp innanfor opningstida og nytte barnehagen så ofte og lenge ein ønsker.

Når?

Prosjektet starta i 2023. Open barnehage vil fungere i ein barnehage verksemd i kommunen.

Kven?

Prosjektet er administrert av Oppvekst og er koordinert av Ana Cecilia Marin, pedagogisk rettleiar i Pedagogisk fagsenter.