Gjeldande planar og strategiar

Planar og strategiar som er vedtatt etter etableringa av nye Ålesund kommune 1.januar 2020 finn du i planoversikta Framsikt.

Planar og strategidokument i Ålesund kommune skal primært vere utarbeidd og gjort tilgjengeleg som web- publikasjonar gjennom plan- og styringsverktøyet Framsikt. Dette sikrar i større grad tilgjengelegheit på ulike skjermflater, og at krava til universell utforming vert følgt. Mange av planane er derfor ikkje tilgjengeleg i filformat som t.d. pdf.

Gjennom plan- og styringsverktøyet Framsikt vert delar av innhaldet i planar og strategiar kopla saman. Mål- og strategiformuleringar, oppdrag, tiltak og investeringar er derfor ofte lista opp saman i eigne tabellar, slik at samanhengen mellom dei vert tydelegare.

Alle overordna mål frå kommuneplanen sin samfunnsdel er knytt til eitt eller fleire av FN sine berekraftsmål. På same måte er tiltak og oppdrag i planane knytt til kommunen sine mål. Slik vil det vere mogleg å kople kommunen sin innsats på ulike område til berekraftsmåla.

Planoversikt (Framsikt)

Slik brukar du Framsikt

Planane er sortert etter plantype, og du finn også gjeldande planstrategi og handlings- og økonomiplan for inneverande periode i oversikta.

Informasjon om kontaktperson eller ansvarleg kommunalområde, eventuelle vedlegg og lenke til sakspapira frå politisk behandling av planen finn du ved å klikke på «vis informasjon» for kvar enkelt plan.