Støy

I eit moderne samfunn må vi godta noko støy, men når det går utover trivsel og helse kan det vere nødvendig med tiltak.

Kva er støy?

Støy blir definert som forureining. Dette er uønska lyd som kan verke forstyrrande. Svært kraftig lyd kan gi høyrselsskadar. Vedvarande støy kan verke negativt inn på helsa, skape mistrivsel og opplevast som ei plage.

Regelverk

Støy kan komme frå svært ulike kjelder og vere heimla i fleire lovverk som blir forvalta av ulike kommunale og statlege etatar. Nokre støykonfliktar kan vere samansette og svært vanskelege å løyse.

Vegvisar til støyregelverk (miljødirektoratet)

Kva må du tolerere av støy?

Som del av eit samfunn der folk lever og verkar tett innpå kvarandre, må enkeltindividet akseptere noko støy. Alle støygrenser i regelverk er sett med utgangspunkt i gjennomsnittsmennesket si tåleevne. Dette vil seie at ein del av befolkninga vil føle seg plaga sjølv om grenseverdiane ikkje blir overskridne. 

Først når støynivået går over gitte grenseverdiar eller støyen på annan måte er større enn det som i forskrift om miljøretta helsevern vert kalla «dagliglivets alminnelige risiko», kan det vere grunnlag for klage.

Ta først kontakt med den som støyar

Dette kan vere den som utfører arbeid eller eig eigedommen. I mange tilfelle er ikkje støyeigar klar over at støyen blir opplevd som ei urimeleg plage. Alle støykonfliktar bør ein forsøke å løyse på lågast mogleg nivå ved direkte kontakt mellom klagar og støyeigar. Dette gir det beste høvet til å komme fram til felles forståing for situasjonen og ei løysing som er akseptabel for begge partar.

Kvar kan du vende deg om støyeigar ikkje følger opp?

Dette er avhengig av kva som er støykjelda:

1. Forstyrring av ro og orden, heilagdagsfred m.m.

Dette kan til dømes vere bråk og uro, avspeling av høg musikk frå privat fest, urimeleg tomgangskøyring og andre akutte støysituasjonar.
Kontakt:
Ålesund politistasjon

E-post: post.moreogromsdal@politiet.no 
Telefon: 70 11 87 00 / 02800
Postadresse: Postboks 1353 Sentrum, 6001 Ålesund

2. Nabostøy inkludert støy frå dyrehald

Kontakt først den som bråkar. Dei fleste situasjonar der nokon blir plaga av aktivitet hos nabo er av privatrettsleg karakter. Dersom du bur i burettslag/sameige bør du også kontakte styret.

Konfliktrådet i Møre og Romsdal

Konfliktrådet kan hjelpe til med mekling i nabokonfliktar. Mange konfliktar kan unngåast ved å snakke med naboen og vise omsyn til kvarandre. Konfliktrådet kan også gi gode råd om korleis du kan gå fram for å løyse konflikten direkte med støyeigar. Tenesta er gratis.

E-post: post.moreogromsdal@konfliktraadet.no
Telefon: 70 30 06 10
Post- og besøksadresse: Keiser Wilhelmsg. 24, 6003 Ålesund

Forliksrådet i Ålesund

Støytvistar av privatrettsleg karakter kan handterast etter reglane i nabolova og avgjerast av forliksrådet.

E-post: post.namsmann@skatteetaten.no 
Telefon: 70 11 87 00
Postadresse: Postboks 1353 Sentrum, 6001 Ålesund
Besøksadresse: Nedre Strandg. 50, 6005 Ålesund

Informasjon om domstolar, konfliktråd og forliksråd

3. Vegtrafikkstøy eller arbeid på veganlegg

Kommunal veg
Ålesund kommune, Miljø og samferdsel
postmottak@alesund.kommune.no
Telefon: 70 16 20 00

Fylkeskommunal veg og riksveg
Statens vegvesen region Midt
firmapost-midt@vegvesen.no
Telefon: 22 07 30 00

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er forureiningsstyresmakt og klageinstans for riks- og fylkesvegnettet. Ved vidare klagerett kan du vende deg til:

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, miljøavdelinga
E-post: sfmrpost@statsforvalteren.no
Telefon: 71 25 84 00
Postadresse: Postboks 2520, 6404 Molde

Meir informasjon om støy på nettsidene til Statens vegvesen

4. Bygg og anlegg

Støy i anleggsperioden må påreknast i eit visst omfang. Retningsliner for kva støygrenser som skal gjelde går fram av Retningslinjer for behandling av støy i arealplanleggingen T-1442   med tilhøyrande rettleiing. Kapittel 4 handlar om retningslinjer for avgrensing av støy frå bygg- og anleggsverksemd.

Kontakt utbyggar dersom du er sterkt plaga av byggeverksemd.
Dersom dette ikkje fører fram, kan du vende deg til
Ålesund kommune, teknisk sektor – Plan og bygning

E-post: postmottak@alesund.kommune.no
Telefon: 70 16 20 00

5. Tekniske installasjonar

Kontakt støyeigar dersom du er sterkt plaga av støy frå ventilasjonsanlegg, kjøleanlegg, varmepumper o.l.

Dersom dette ikkje fører fram, kan konfliktrådet kontaktast. Sjå nettside om nabostøy.

E-post: post.moreogromsdal@konfliktraadet.no
Telefon: 70 30 06 10
Post- og besøksadresse: Keiser Wilhelmsg. 24, 6003 Ålesund

Gjeld klagen nye installasjonar, kan du vende deg til: 

Ålesund kommune, teknisk sektor – Plan og bygning
E-post: postmottak@alesund.kommune.no
Telefon: 70 16 20 00

6. Konsertar, utandørsarrangement og bruk av høgttalaranlegg på idrettsarrangement m.m.

Kontakt alltid arrangøren først. Helsedirektoratet har utarbeida ei rettleiing om musikk og bruk av forsterka lyd: Musikkanlegg og helse. Veileder til arrangører og kommuner 

Dersom kontakt med arrangør ikkje fører fram og det gjeld ein akutt situasjon, kan Ålesund politistasjon kontaktast.

Dersom kontakt med arrangør ikkje fører fram og det gjeld eit arrangement som vil strekke seg over fleire dagar, kan du vende deg til

Ålesund kommune, kommuneoverlegen
E-post: postmottak@alesund.kommune.no
Telefon: 70 16 20 00

7. Idrettsanlegg , ballbingar, skateanlegg

Helsedirektoratet har laga ei rettleiing for støyvurdering ved etablering av nærmiljøanlegg. Retningslinene regulerer ikkje støy frå barns leik, men tilrår avstand mellom nærmiljøanlegg og næraste nabo. I rettleiinga er det skildra anbefalte støygrenser og moglege bygningsmessige tiltak for å redusere støy frå konstruksjonar.

Kontakt anleggseigar dersom du er sterkt plaga av anlegget sin konstruksjon eller plassering.

Dersom dette ikkje fører fram, kan du henvende deg til

Ålesund kommune, kommuneoverlegen
E-post: postmottak@alesund.kommune.no
Telefon: 70 16 20 00

8. Industri - konsesjonsbelagt

Mange industribedrifter har løyve (konsesjon) etter forureiningslova. Konsesjonen inneheld ofte støygrenser, og då primært grenseverdiar for støy utandørs. Det er Statsforvaltaren som gir slik konsesjon.

Kontakt alltid bedrifta først. Kopi av skriftleg kontakt kan sendast Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Bedriftene skal ha eit system for handtering av naboklager. Statsforvaltaren tar utgangspunkt i registreringane og oppfølging av desse ved tilsyn av bedrifta.

Dersom kontakt med bedrifta ikkje fører fram, kan du vende deg til

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, miljøavdelinga

E-post: sfmrpost@statsforvalteren.no
Telefon: 71 25 84 00
Postadresse: Postboks 2520, 6404 Molde

9. Utelivsbedrifter i Ålesund sentrum

Kontakt bedrifta først.

Dersom dette ikkje fører fram, kan du vende deg til kommunen som kan vurdere om reguleringsplan med reglar for støyande aktivitet i bysentrum blir haldne:

Ålesund kommune, teknisk sektor – Plan og bygning
E-post: postmottak@alesund.kommune.no
Telefon: 70 16 20 00

10. Næringsverksemder og bedrifter utan konsesjon

Dette kan vere restaurantar, treningsstudio, verkstader, varelevering til bedrifter m.m.

Kontakt bedrifta først.

Dersom dette ikkje fører fram, kan du vende deg til
Ålesund kommune, kommuneoverlegen
E-post: postmottak@alesund.kommune.no
Telefon: 70 16 20 00

11. Andre støysaker

Folkehelselova skal fange opp saker som ikkje blir regulert av anna lovverk, og som kan gi negativ innverknad på folkehelsa. Lovverket er ikkje tenkt brukt for å løyse enkeltindivid sine støyplager, men kan nyttast i støysaker som gjeld fleire.

Kontakt støyeigar først.

Dersom dette ikkje fører fram, kan du vende deg til:

Ålesund kommune, kommuneoverlegen
E-post: postmottak@alesund.kommune.no
Telefon: 70 16 20 00

Ansvarleg for tenesta