Bypakke Ålesund

Bypakke Ålesund

Klikk for stort bilete Jarle Endre Osen Dei viktigaste trafikk- og bymiljøprosjekta i Ålesund er samla i ein bypakke.

Ålesund er ein by i vekst, både i antal innbyggarar og næringslivsetableringar. I store delar av byen er kapasitetsgrensa for delar av vegnettet nådd eller er i ferd med å bli det. I tillegg må gang- og sykkeltiltak, samt kollektivtilbodet bli prioritert og styrka.

Det er med andre ord eit stort behov for opprusting av transportsystemet i byen vår. Dette for å sikre at kommunen fortsatt kan vere ein god by for alle, også i framtida. 

Dette er bypakken

Det er eit uttalt mål frå sentrale myndigheiter å redusere biltrafikken i norske byar. Derfor har bypakken i Ålesund fleire hovudmål:  

  • Byen skal ha eit påliteleg og effektivt transportsystem for alle transportformer. Transportsystemet må møte veksten i transportsektoren.  
  • Bypakken skal bidra til å utvikle framtidsretta kollektivtilbod.  
  • Bypakken skal bidra til attraktiv og berekraftig byutvikling. 

Kollektivtiltak

Til grunn for bypakken ligg knutepunktstrategien, der dei fire knutepunkta er bysentrum, Campus Ålesund, sjukehuset og Moa. Disse er utpeikte som viktige utviklingsområde og raske kollektivsamband mellom knutepunkta er ein del av strategien. Knutepunkta er forskjellege i sin natur, men er viktig for byen med eit stort potensial i overgangen frå bil til kollektiv, gåing og sykkel.  

Samarbeidspartane i bypakkesamarbeidet har fått utarbeida ein rapport om framtidig kollektivtrafikk i Ålesundsområdet. På bakgrunn av denne rapporten har bystyret og samferdselsutvalget i fylkeskommunen valt å satse på konseptet «Prioritert buss». Dette konseptet går ut på å vidareutvikle dagens buss- og båtruter, auke framkomelegheita for bussen på strekninga Moa – bysentrum, auke frekvensen på både buss og båt osv.  

Flere av tiltaka i rapporten er foreslått innarbeidd i bypakken og den kan du lese vidare i her. 

Klikk for stort bilete 

Framkomelegheitstiltak for kollektivtrafikken

  • Det er sett av ca 80 millionar til ulike framkomelegheitstiltak for å redusere reisetida med buss, slik som lysprioritering i kryss, forbikøyringsfelt for buss, samt ny kollektivtrasé på Hessa (Hessafjordvegen - Slinningen).  
  • Sambruksfelt på E136 Breivika - Lerstad og Lerstad - Campus. Sambruksfelt er kollektivfelt der også bilar med fleire passasjerar får køyre.  
  • (Bystyret har bedt om at det blir vurdert om nokre av midlane frå strekninga Lerstad - Campus omdisponerast til andre kollektivtiltak i tråd med anbefalingane i COWI-rapporten om Framtidige kollektivkonsept. Dette vil bli vurdert fram til Stortingsbehandling)  
  • I dag går mykje av trafikken frå Moa til sentrum via Borgundvegen. Ved å overføre gjennomgangstrafikken til den nye E136 Breivika - Lerstad vil det bidra til betre framkomelegheit på Borgundvegen, som er hovedkollektivtrasé med knutepunktet Ålesund sjukehus.  
  • I tillegg skal fylkeskommunen bidra med minst 85 millionar i auke i driftsbudsjettet for kollektivtrafikken, slik at det blir mogleg å auke antalet buss- og båtavgangar. (Det er imidlertid ikkje nok midlar til å auke buss- og båttilbudet nok til å nå nullvekst i biltrafikken. Det er derfor behov for å jobbe vidare med å skaffe midlar til dette, samt å jobbe med andre restriktive tiltak).

Sentrumsutvikling

Bypakken er ikkje berre eit miljøtiltak men også eit tiltak for ønska byutvikling og for strategisk transportplanlegging i sentrum.  

  • Ny gateterminal for buss: 80 millionar. Ved å flytte dagens arealkrevjande bussterminal vil det frigi eit viktig byutviklingsområde på sørsida av byen. Dette er ei forutsetning for realisering av Sørsideplanane, og for området som ligg på austsida av Kulturhavna.  
  • Ny gate gjennom sørsida/bydelen og gangveg langs Brosundet: 280 millionar. Hovudgata gjennom den nye bydelen er ein del av bypakken, gata vil gå i ei bru over Brosundet. Dette mogleggjer eit nytt trafikkmønster og vil avlaste Hellebroa, samtidig som det blir moglegheiter til å prioritere kollektivtrafikken. Gangveg langs Brosundet vil vere eit attraktivt samband og ein opplevelingsrik gangveg både for turistar og byens innbyggarar og ei viktig avlasting for vegnettet på dagar med mange turistar som vil krysse vegane. Denne kostnaden dekker ombygging av heile vegnettet som blir berørt av Sørsideplanen, (ny bru utgjer ca. 40mill.kr)

Tiltak for syklistar og gåande

Meir til sykkel

Det er lagt inn fleire tiltak for sykkel i bypakken:

  • Eigen sykkelveg frå Moa til Lerstad ved sidan av dagens Lerstadveg.  
  • Forbi det nye kollektivknutepunktet på sjukehuset blir det ein oppgradert sykkelveg.  
  • Gjennom Campus blir det ei heilt ny og spanande sykkelløysning, kanskje til og med ei sykkelbru.  
  • I tillegg kjem det sykkelveg langs Borgundvegen forbi Volsdalen skole og vidare blir det ny løysning for sykkel heilt inn til sentrum.  
  • På Hessa kjem det sykkelveg fra Steinvågsbrua og til Tonningsgate. 

Sikkerheitstiltak for gåande på skoleveg 

Det er lagt vekt på å finne gode trafikksikkerheitstiltak i fleire av skolekrestane:

  • Fortau langs Ytre Hessen og trafikksikkerheitstiltak ved Skarbøvikgata/Hessaskaret ved Hessa skole.  
  • Undergang på Bjørge, mellom Stokke og Vik skole.  
  • Fortau på Myrlandsvegen ved Blindheim skole.  
  • Diverse sikkerheitstiltak på Aspøya for elevar på Aspøy skole.  
  • Fortau på nordsida av Borgundvegen ved Hatlane skole. 

Bedre vegar og sambruksfelt

Klikk for stort bilete 

Bompengar

Klikk for stort bilete Dette er foreløpige tall. Endeleg vedtak for takst kjem seinast eit halvt år før innkreving av bompengar.  

  • Takst for ein personbil med brikke blir ca. 20 kroner.  
  • Takst for tungbil (> 3500 kg) ca. 40 - 50 kroner  

Ein betalar berre for første passering innanfor ein klokketime. Maksimal kostnad for ein månad for ein bil er 1200 kroner. Har du fleire enn 60 passeringar i månaden betaler du ikkje for desse.  

Vegvesenet reknar at det vil bli ca. 44 500 passeringar per dag. Slik skal ein kunne finansiere ein så stor pakke. Bommar som er nær byen vil redusere belastninga frå trafikken i Ålesund. 

Dette er tidsplanen  

Grunngivinga for å ta E39 inn no er at prosjektet ligg inne med 1 milliard i NTP for 2024-2029. Dette med finanisering lokalt gjennom bompengar.  

Alle prosjekta i bypakken er samla i ein bompengeperiode på 11-13 år. Målet vil vere at dei store prosjekta skal vere fullført innanfor ti år, slik at ein sikrar seg NTP-midlar. Samstundes aukar vi den statlege andelen i pakken.  

Vegen vidare

Både Ålesund bystyre (6. juni) og Møre og Romsdal fylkesting (17.juni) har no gjort endeleg vedtak om ein bypakke. 

Pakken må kvalitetssikrast hos Vegdirektoratet og samferdselsdepartementet før målet er stortingsbehandling av bompengeproposisjonen hausten 2020.  

Kommunen, fylkeskommunen og Statens vegvesen må bruke tida fram til eit stortingsvedtak til å førebu gjennomføring av pakken. Det er behov for regulering og prosjektering av tiltaka. Nokre tiltak må utgreiast nærare. Ei prosjektorganisering må komme på plass, styring og økonomi må førebuast.  

Så snart bypakken er vedtatt i Stortinget, kan gjennomføring av pakken starte. Forventa oppstart er i løpet av 2021. 

Til toppen