PAKT – plan for areal, transport og klima i Ålesundregionen

PAKT – plan for areal, transport og klima i Ålesundregionen

Plan for areal, klima og transport PAKT - er ein langsiktig strategiplan for berekraftig vekst i Ålesund­regionen. Arealbruk og transport blir sett i samanheng, i eit klimaperspektiv, og med FN sine bere­kraftsmål som fundament.

 PAKT definerer mål og strategiar for den framtidige utviklinga i regionen, vurderer kvar veksten bør komme og korleis transport­systemet best kan binde ulike område saman.

PAKT er utarbeidd av kommunane Ålesund, Sula og Giske i samarbeid med Statens vegvesen og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Ut frå rammene i planprogrammet er det utarbeidd eit omfattande kunnskapsgrunnlag og ein planomtale. Planomtalen i PAKT skildrar problem­stillingar, mål og målkonfliktar, og går nærare inn på 6 ulike plantema. Sist i planomtalen finn ein strategiar til kvart av delmåla, retningslinjer og eit handlingsprogram. Handlingsprogrammet skal reviderast årleg av Region Ålesund-samarbeidet.

Kvifor samarbeide om miljø, areal- og transportplanlegging i Ålesundregionen?

Ålesundsregionen er ein region i vekst og utvikling. Folk bur, arbeider og nyttar fritidstilbod uavhengig av kommunegrensene, og behova for å sjå utbyggingsareal og transportsystem på tvers av kommunegrensene er aukande. Felles mål og strategiar for miljø, areal- og transportutvikling i Ålesundregionen er nødvendig for å:

  • Legge grunnlaget for ein attraktiv region, og bidra til berekraftige løysingar som rustar regionen for framtida.
  • Legge til rette for god folkehelse gjennom tilrettelegging for meir gåing og sykling, og gode bumiljø med inkluderande, tilgjengelege og trygge møteplassar.
  • Stimulere til samarbeid om berekraftig utvikling på tvers av kommunar og instansar, der ein tenker region framfor kommune.

Planprogrammet

Planprogrammet til PAKT definerer målsettingar for planen, innhald i planen, kva utgreiingar som skal gjennomførast og korleis arbeidet skal leggast opp.

Planprogrammet blei fastsett i Sula kommunestyre 13. februar 2020 og i kommunestyra i Ålesund og Giske 14. februar 2020.

Sjå fastsett planprogram PAKT region Ålesund (PDF, 3 MB)

Planen

Planen er samla i planomtalen til PAKT. Planomtalen skildrar problem­stillingar, mål og målkonfliktar, og går nærare inn på 6 ulike plantema. Sist i planomtalen finn ein strategiar til kvart av delmåla, retningslinjer og eit handlingsprogram.

Sjå PAKT-planen her (PDF, 9 MB)

Kunnskapsgrunnlag

I samband med arbeidet med PAKT er det utarbeidd eit omfattande kunnskapsgrunnlag:

Vedtak

Godkjenning av PAKT, Ålesund kommunestyret 19. mai 2022.

Til toppen