Koronaviruset

Her finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Hovudnummeret til Ålesund kommune er
70 16 20 00. Vår informasjonstelefon om korona er 70 16 40 60. Opningstider i påska er onsdag 8.8 kl. 08.30-12.00, langfredag kl. 09.30-15.30, 1. påskedag kl. 09.30-15.30. Frå tysdag 14. april blir opningstidene frå kl. 08.30-15.30.

Gå til temaside om koronaviruset.

Information about corona in other languages.

Vil du bidra eller treng du bistand?

NAV Ålesund og naudhjelp

Folkehelse

Folkehelse

Folkehelsearbeidet skal fremje befolkninga si helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og bidra til å forebygge psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding.  

Folkehelsearbeidet skal vere kunnskapsbasert, og ny teknologi skal bli tatt i bruk der det er relevant. Arbeid for god helse er eit mål i seg sjølv og ein av samfunnet sine viktigaste ressursar.  

Faktorar som påverkar helsa  

Helsa blir påverka av grunnleggande forhold som levekår og oppvekstvilkår, arbeid og arbeidsmiljø,  bumiljø og andre miljøfaktorer.   

Det må leggast til rette for at alle barn og unge skal få ein god start i livet, for eit inkluderende arbeidsliv med trygge og helsefremjande arbeidsplasser, og for aktiv og trygg aldring.   

Det er viktig å legge til rette for eit samfunn som styrkar innbyggarane sine mulegheiter til å ta ansvar for eiga helse, trivsel og meistring. 

Investering for betre liv og bærekraftig samfunn

Satsing på folkehelsearbeid er ei grunnleggande investering for betre liv og eit berekraftig samfunn, og det er nødvendig for å nå berekraftsmåla til FN, der god helse er eit av måla.  

God helse er ein føresetnad også for andre mål, som for eksempel eit produktivt arbeidsliv, effektiv læring og overskot til å bidra i frivillig arbeid.     

Sjukdom og lav funksjonsevne medfører påkjenningar og kostnader både for den enkelte og for samfunnet i form av helse- og omsorgstenester, sjukefråvær og redusert livskvalitet. 

I Folkehelsemeldinga – Gode liv i eit trygt samfunn (2018 - 19)  blir det  lagt vekt på å skape eit trygt samfunn og fremje helsevennlege val. Særleg på nokre område ønskjer regjeringa å forsterke innsatsen:  

  • tidleg innsats for barn og unge  
  • førebygging av einsemd  
  • mindre sosial ulikskap i helse  

Samskaping  

Folkehelsearbeidet går for seg i stort sett alle sektorar og på alle forvaltingsnivå. Derfor må frivillig sektor, ideelle organisasjonar, næringslivet og offentlege myndigheiter samarbeide om innsatsen. 

Til toppen