Alternativ mottaksplassering og avtalt sjølvbusetting

Til deg som skal søke alternativ mottaksplassering og avtalt busetting

Vi får mange førespurnader om moglegheit for å søke om alternativ mottaksplassering fram til søknaden om vern blir behandla. Samt om det lèt seg gjere å avtale busetting med kommunen etter innvilga opphald - viss du har ein eigen bustad til disposisjon.

Følg rettleiar (PDF, 88 kB) for å finne ut om du kan nytte deg av desse moglegheitene.

Søknad om alternativ mottaksplass

Du må søke til både UDI og Ålesund kommune om alternativ mottaksplass.

Dette kan du gjere slik:

  1. Søk til UDI
    Her kan du registrere søknad om alternativ mottaksplass hos UDI. 
    Vel skjematype «2. Vanlig skjema» (skjema nr. 1 - hurtigprosedyreskjema kan av praktiske årsaker ikkje brukast)   
    Registrer søknad om alternativ mottaksplass hos UDI
     
  2. Søk til kommunen
    Fyll ut opplysningane i skjemaet som du finner i knappen under. Desse opplysningane treng kommunen for å kunne avgjere om søknaden din om alternativ mottaksplass kan godkjennast.  
    Søknad om alternativ mottaksplass - Ålesund kommune
     

Svar på søknaden

Du vil få endeleg svar på søknaden om alternativ mottaksplass frå UDI.  

Dersom du får godkjent alternativ mottaksplass vil Ålesund kommune ta kontakt med deg om prosessen vidare og kva rettigheiter du får.

Til toppen