Kommunestyre- og fylkestingsval 2023Den 11. september 2023 skal det gjennomførast kommune- og fylkestingsval. Her vil det kome informasjon om: Kvar og når du kan førehandsstemme Korleis du kan stemme heime Kvar du kan stemme på valdagen Kven som har stemmerett Sjølv om kommunedelinga ikkje skjer før 1. januar 2024 skal det i 2023 gjennomførast to val i noverande Ålesund, som om kommunen allereie var delt i Haram kommune og Ålesund kommune. Levere listeforslag til valet Fristar for listeforslag: Nye parti må registrere seg i Partiregisteret innan 2. januar 2023. Meir informasjon finn du hos Brønnøysundregistrene. Partia må levere listeforslag til kommunen innan 31. mars 2023 kl 12.00. På valdirektoratet si nettside finn du utfyllande informasjon. Sist endra 11.01.2023 15.47