Informasjon til partia om innsending av listeforslagKorleis gå fram for å sende inn listeforslag til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023 i Ålesund kommune og Haram kommune. Nytt i 2023 - listeforslagsportal Det er etablert ein eigen listeforslagsportal der parti og grupper som ønsker å stille ved kommunestyrevalet 2023 kan underskrive, oppføre listekandidatar og levere listeforslag elektronisk. Alle parti blir oppmoda til å bruke den nye listeforslagsportalen. Den elektroniske løysinga er oppretta for å gjere prosessen enklare - men følger samme regelverk og fungerer på same måte som ved innlevering av lister på papir. Ved å bruke listeforslagsportalen, vil riktig val / valår / kommune komme opp automatisk på det som blir sendt inn via løysinga. Valg.no - informasjon om korleis bruke den elektroniske listeportalen Om ein vel å ikkje bruke listeforslagsportalen, kan listeforslaget leverast på papir slik som tidligare. Her finn du informasjon om og malar for listeforslag på papir Fristar Fristen for innlevering av listeforslaget er fredag 31. mars 2023 klokka 12.00. Det er eit krav at forslaget har kome fram til kommunen. Ved elektronisk innlevering er det lett å forhalde seg til dette innleveringstidspunktet. Ved papirinnlevering er det ikkje nok at listeforslaget er poststempla innan fristen dersom de veljer å sende det inn via posten. Forslaget må vere kommunen i hende innan 31. mars klokka 12.00. Fysisk innlevering kan kun skje til Ålesund rådhus - opningstida er mån-fre kl 09.00-15.30. Det er råd å avtale levering utanom opningstida, valansvarleg må då kontaktast på førehand. Fristen for å trekke tilbake eit listeforslag er torsdag 20. april 2023 klokka 12.00 (innlevert listeforslag kan kallast tilbake av tillitsutvalet), jmf valgloven § 6-5. Sjølve listeforslaget Det er nok at forslaget er underskrive av to styremedlemmer i lokalpartiet med ansvar for innlevering av listeforslag i Ålesund eller Haram. Reglane om antal underskrifter finn du i valgloven § 6-3 (1) Når det gjeld kven som blir nominert/oppført på listeforslaget, er det viktig å vere klar over at alle som står oppført har rett til å kreve seg fritatt frå val (må avgi ei skriftleg erklæring om dette etter at forslaget er innlevert og informasjon om oppføringa er sendt ut av valsekretariatet). Les om dette i valgloven § 3-4. Partinamn i listeforslaget Partinamnet som skal førast på listeforslaget skal vere det same som er registrert i Partiregisteret; registrert verna partinamn (til dømes VENSTRE - ikkje Ålesund/Haram VENSTRE) Regelen for dette finn du i valgloven § 6-1 (2) bokstav b. Antal listekandidatar Ved fylkestingsval og kommunestyreval skal listeforslaget vere utfylt i rekkefølge med minimum sju kandidatar. Forslaget kan maksimalt innehalde eit antal kandidatnamn som samsvarer med det antalet representantar som skal veljast til fylkestinget eller kommunestyret, med eit tillegg av inntil seks andre namn. Dette står i valgloven § 6-2 (2) I Ålesund skal det veljast 47 medlemmer til kommunestyret, og vallova regulerer difor at det skal vere minst 7 og maksimalt 53 namn på listeforslaget. I Haram skal det veljast 27 medlemmer til kommunestyret, og vallova regulerer difor at det skal vere minst 7 og maksimalt 33 namn på listeforslaget Dersom ein kandidat ikkje er innført i folkeregisteret som busett i Ålesund 2024 eller Haram 2024 når listeforslaget blir innlevert, må det ligge ved ei erklæring frå kandidaten om at vedkomande vil vere valbar på valdagen, altså ha flytta til den kommunen lista skal gjelde for. Denne regelen finn du i valgloven § 6-4 bokstav c. Merk følgande: Dersom listeforslaget skal leverast inn på papir må det skrivast ut to-sidig, slik at signaturen til underskrivar 1 og 2 kjem på baksida (det er ikkje anledning til å levere listeforslaget på to adskilte ark). Ved kommunestyreval kan eit visst antal av dei øvste kandidatane på listeforslaget givast eit stemmetillegg. Kandidatar med stemmetillegg skal stå først på listeforslaget og med utheva skrift. Vedlegg til listeforslaget Det må også leverast eit vedlegg, og dette inneheld nokre andre opplysningar enn det som står på sjølve listeforslaget. Oppretting og utfylling av vedlegg vil også vere tilgjengeleg i listeforslagsportalen (aktuelle vedlegg blir automatisk produsert og sendt til kommunen når listeforslaget blir levert elektronisk) Regelen om vedlegg finn du i valgloven § 6 - 4. Merk følgande: Dersom listeforslaget skal leverast inn på papir må det skrivast ut to-sidig, slik at signaturen til underskrivar 1 og 2 kjem på baksida (det er ikkje anledning til å levere listeforslaget på to adskilte ark). Kva skal stå på listeforslaget? Kandidatane skal vere oppførte med Fornamn, etternamn og fødselsår Kandidaten sin poststad (t.d. 6265 Vatne = Vatne) Kontroll av listeforslaget før innsending Dersom ein ønsker det vil ein som forslagsstillar kunne få kontrollere/sjekke listeforslaget mot manntalet. Då må ein kontakte valsekretariatet i god tid før innleveringsfristen. Ved å sjekke alle opplysningar knytt til alle foreslåtte kandidatar mot folkeregisteret vil ein få "vaska bort" det som eventuelt ikkje stemmer med manntalet. Rettleiing frå Valdirektoratet På sidene til Valdirektoratet ligg det informasjon om listeforslag, om å: stille til val oppretting / innlevering av listeforslag. Godkjenning av vallistene Når listeforslaget er mottatt og kontrollert - og etter at fristen for å trekke forslaget er ute (20. april) - vil valsekretariatet sende varsel til alle foreslåtte kandidatar med ein kort frist for å eventuelt trekke kandidaturet sitt. Når fristen for å be seg fritatt er ute, blir det lagt fram ei sak til valstyret om endeleg godkjenning av listeforslaget. Kontaktinformasjon til valansvarlege Ta gjerne kontakt med respektive valansvarlege ved spørsmål: Tove Flisnes Opskar (valansvarleg for Ålesund kommune) tove.flisnes.opskar@alesund.kommune.no Telefon 934 85 843 Elin Moen (valansvarleg for Haram kommune) elin.adele.moen@alesund.kommune.no Telefon 958 26 272 Sist endra 18.01.2023 09.03