Kommune- og fylkestingsval 2023

Kommune- og fylkestingsval 2023

Den 11. september 2023 skal det gjennomførast kommune- og fylkestingsval. 

Her vil det kome informasjon om:

  • Kvar og når du kan førehandsstemme
  • Korleis du kan stemme heime
  • Kvar du kan stemme på valdagen
  • Kven som har stemmerett

Sjølv om kommunedelinga ikkje skjer før 1. januar 2024 skal det i 2023 gjennomførast to val i noverande Ålesund, som om kommunen allereie var delt i Haram kommune og Ålesund kommune.

Levere listeforslag til valet

Fristar for listeforslag:

  • Nye parti må registrere seg i Partiregisteret innan 2. januar 2023. Meir informasjon finn du hos  Brønnøysundregistrene.
  • Partia må levere listeforslag til kommunen innan 31. mars 2023 kl 12. Sjå valdirektoratet si nettside for utfyllande informasjon.
Til toppen