Viktig informasjon om korona

Tidlegstemming og førehandsstemming

Tidlegstemming og førehandsstemming

Frå 10. august opnar vi den ordinære førhandsstemmegivinga. Den varer fram til 10. september. Vi oppfordrar så mange som råd til å førehandsstemme ved valet i år, dette for å minske risikoen for koronasmitte. 

Tidleg stemmegiving frå 1. juli

Om du ikkje har anledning til å stemme på valdagen, eller i den ordinære førehandsstemmeperioden, kan du tidlegstemme frå og med 1. juli til og med 9. august på desse stadane:

Her kan du førehandsstemme frå 10. august

Du kan stemme på førehand ved alle stadane i oversikta under. På innbyggartorga kan du stemme i vanleg opningstid allereie frå 10. august. Datoar og opningstider for dei andre vallokala vil bli kunngjort når det er klart. 

  • Innbyggartorga i Steinshamn, Brattvåg, Skodje, Sjøholt og Ålesund i ordinær opningstid
  • Moa helsehus (tidlegare biblioteklokale) -  kvardagar kl. 12-18, laurdagar 10-16
  • Amfi Moa  - alle kvardagar kl. 12 - 18
     
  • Lokale på Digerneset
  • NTNU i Ålesund (2 dagar)
  • Ålesund sjukehus - tysdag 17. august - torsdag 18. august kl. 12.00 - 15.30
  • Søvik skule - onsdag 1. september kl. 14.00 - 18.00

Adresser/kart m.m. - stader for førehandsstemming

Stemmegiving på bu- og omsorgssenter

I perioden frå 16. august er det råd å førhandsstemme ved fleire av helse-og omsorgsinstitusjonane i Ålesund. Dato og tidspunkt kjem vi tilbake til. 

Her kan du stemme ved helse- og omsorgsinstitusjonane våre:

  • Aspøy omsorgssenter - måndag 16. august kl. 13.00 - 15.00
  • Blindheim omsorgssenter - onsdag 25. august kl. 10.00 - 14.00
  • Borgundheimen - torsdag 19. august kl. 13.00 - 15.00
  • Eidet omsorgssenter - onsdag 25. august kl. 13.00 - 15.00
  • Emblem boligstiftelse
  • Fredheim, Ellingsøy
  • Longva omsorgsbustad - måndag 23. august kl. 11.30 - 13.30
  • Haram omsorgssenter - onsdag 25. august kl. 11.00 - 12.00 (dagsenteret) og 12.00 - 13.00 (sjukeheimen)
  • Hatlane omsorgssenter - tysdag 24. august kl. 12.00 - 15.00
  • Klipra seniorsenter - fredag 20. august kl. 12.00 - 15.00
  • Moa Aldersbolig - fredag 20. august kl. 13.00 - 14.30
  • Sanitetshjemmet - onsdag 18. august kl. 10.00 - 11.00
  • Skarbøvik sykehjem - tysdag 17. august kl. 13.00 - 15.00
  • Skodje omsorgssenter - onsdag 18. august kl. 10.00 - 14.00
  • Spjelkavik omsorgssenter - fredag 27. august kl. 10.00 - 15,00
  • Steinholt busenter - torsdag 26. august kl. 12.00 - 13.30.
  • Vegsund DPS
  • Volsdalen bokollektiv - torsdag 19. august kl. 10.00 - 12.00
  • Ysteneset boliger
  • Ørskog helse- og omsorgssenter - torsdag 26. august kl. 10.30 - 12.00
  • Åse helsehus/Ålesund lokalmedisinske senter - tysdag 24. august kl. 10.00 - 14.00

Stemme heime (ambulerande stemmemottak)

Dersom du er alvorleg sjuk eller ufør, er i isolasjon eller karantene, er det råd å søke valsekretariatet om å få stemme heime. Siste frist for å søke om dette er fredag 10.september kl. 10.00. 

Etter at førehandsstemmeperioden er slutt kan dei som er i isolasjon eller i karantene og ikkje kan møte opp i eit vallokale på valdagen søke om å få stemme der dei oppheld seg. Søknadsfristen er kl. 10.00 på valdagen.

Meir informasjon om korleis du kan søke om ambulerande stemmemottak vil kome.

 

Til toppen