Koronaviruset

Har du spørsmål om korona? Ring informasjonstelefonen 90 27 15 79 (open måndag til fredag kl. 09.00 - 15.00).  Dette nummeret kan ikkje brukast for bestilling av test eller vaksine. På vår samleside finn du alt om testing, vaksinering og smittetal i kommunen.

Slik stemmer du

Slik stemmer du

Måndag 13. september er det stortings- og sametingsval. Du kan førhandsstemme frå 10. august til 9. september.

For å stemme ved stortingsvalet og sametingsvalet må du ha stemmerett.

Les om kven som har stemmerett her

Førehandsstemming frå 10. august

Frå og med 10. august til og med 10. september kan du førehandsstemme i alle vallokale i heile landet. Dersom du stemmer i ein annan kommune enn der du har bustadsadresse, blir stemma sendt til heimkommunen din (der du er registrert busett i folkeregisteret per 30. juni).

Dersom du har førehandsstemt kan du ikkje stemme på nytt på valdagen. Du kan heller ikkje førehandstemme fleire gongar.

Sjå kvar du kan stemme på førehand.

Stemme på valdagen

Valdagen for stortings- og sametingsvalet 2021 er måndag 13. september. 

På valdagen kan du berre stemme i heimkommunen din, altså der du er registrert busett i folkeregisteret per 30. juni.

Informasjon om vallokale og opningstider på valdagen finn du her

Hugs legitimasjon

Det er ikkje nødvendig å ta med valkort for å stemme, men du må ta med legitimasjon.

Legitimasjonen må innehalde namn, fødselsdato og bilde. Eksempel på gyldig legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilde.

Les meir om legitimasjon og valkort 

Tilrettelegging

Dersom du treng hjelp når du skal stemme, kan du få: 

  • Hjelp til å stemme
    Om du har ei psykisk eller fysisk funksjonsnedsetting som gjer at du ikkje kan stemme åleine? Då har du rett på å få hjelp til å stemme av ein valmedarbeider eller ein anna person som du sjølv peikar ut.
  • Stemme i eige lokale
    For deg som av ein  eller anna grunn ikkje vil benytte eit ordinært vallokale, er det på Moa helsehus eit eige vallokale med ein eigen inngang mot vest. Gjer avtale på førehand.
  • Stemme heime
    Dersom du er alvorleg sjuk eller ufør, er i isolasjon eller karantene, slik at du ikkje kan kome deg til eit stemmelokale, kan du be om å få stemme heime. Send e-post til politisk@alesund.kommune.no eller ring 99 62 06 29. Vi må vite namnet ditt, fødselsdato, telefonnummer og adressa du ønsker å stemme på.
    • Stemme heime på førehand
      For å få førehandsstemme heime er søknadsfrist fredag 10. september kl. 10.00.
    • Stemme heime på valdagen
      For å få stemme heime på valdagen er søknadsfrist måndag 13. september kl. 10.00.
  • Stemme frå bil
    Dersom du er i karantene skal du ikkje inn i stemmelokalet.  Alle stemmelokala har reserverte plassar for utandørsrøysting. Køyr til merka område. Om ingen valmedarbeidarar er utandørs når du kjem, sjå plakat med kontaktinformasjon. Ring, så kjem vi ut til deg.
Til toppen