Koronaviruset

Har du spørsmål om korona? Ring informasjonstelefonen 90 27 15 79 (open måndag til fredag kl. 09.00 - 15.00).  Dette nummeret kan ikkje brukast for bestilling av test eller vaksine. På vår samleside finn du alt om testing, vaksinering og smittetal i kommunen.

Legitimasjon og valkort

Legitimasjon og valkort

Du må ta med legitimasjon når du skal stemme, både ved førehandsstemming og på valdagen.

Det er ikkje tilstrekkeleg å oppgi namn og fødselsdato.

Legitimasjon kan for eksempel vere pass, førarkort og bankkort med bilde, men du kan også bruke annan type legitimasjon. Kravet er at legitimasjonen inneheld namn, fødselsdato og bilde.

Du får valkortet ditt digitalt

Ved stortingsvalet 2021 får du tilsendt valkortet ditt digitalt. Personar som har reservert seg mot digital post frå det offentlege vil framleis få valkortet på papir.

På valkortet finn du nyttig informasjon om valet. I år blir dei sendt ut digitalt, og kan difor brukast direkte på mobiletelefonen. Dei er ikkje nødvendige å skrive ut. Det er heller ikkje nødvendig å vise valkortet når du skal røyste, men det gjer sjølve røystegjevinga enklare og raskare. 

- Det einaste du MÅ ha med deg er legitimasjon med fullt namn, bilete og fødselsdato. Har du dette, så får du røysta. 

Det er ikkje mogleg å røyste på nett med digitalt valkort, du må møte opp i eit vallokale og røyste på papirrøystesetlar som tidligare. Det er mogleg å røyste i heile landet fram til 10. september. Men på valdagen må ein røyste i kommunen der ein er folkeregistrert. 

Utsending av kort

Alle som får valkort digitalt, blir varsla om dette med ein SMS. Dei som brukar Digipost eller E-boks, finn valkortet sitt der. Dei som ikkje har en digital postkasse får tilgang til valkortet via valg.no eller på Altinn.

Dei som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller stadfesta kontaktinformasjonen sin i registeret dei siste 18 månadene, får fortsatt valkort tilsendt på papir.

Totalt blir det sendt ut over 3,5 millionar digitale og ca. 300 000 valkort på papir.

Til toppen