Viktig informasjon om korona

Har du stemmerett?

Har du stemmerett?

For å kunne stemme ved stortingsvalget 2021 må du ha stemmerett og vere innført i manntalet.

Du er innført i manntalet i den kommunen der du ifølgje Folkeregisteret budde onsdag 30. juni 2021. 

Frå måndag 12. juli til og med valdagen ligg utleggingsmanntalet for Ålesund kommune til offentleg ettersyn på innbyggartorget i Ålesund rådhus. Då kan du sjå om du står registrert og manntalsført i denne kommunen.

Du har stemmerett ved stortingsvalet 2021 dersom oppfyller desse fire kriteria:

  • Er norsk statsborgar
  • Har fylt 18 år innan utgangen av 2021
  • Er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Noreg
  • Ikkje har mista stemmeretten etter Grunnlova § 53


Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og husstanden deira har stemmerett sjølv om dei ikkje oppfyller busettingskriteriet. 

Les meir om manntal og stemmerett på valg.no

Til toppen