Koronaviruset

Har du spørsmål om korona? Ring informasjonstelefonen 90 27 15 79 (open måndag til fredag kl. 09.00 - 15.00).  Dette nummeret kan ikkje brukast for bestilling av test eller vaksine. På vår samleside finn du alt om testing, vaksinering og smittetal i kommunen.

Bli valmedarbeidar

Vil du vere valmedarbeidar i 2021 på valdagen 13. september?

Måndag 13. september 2021 er det stortings- og sametingsval. Ålesund kommune søkjer  samfunnsengasjerte personar som ønskjer å delta  i valgjennomføringa. 

Vi ser etter medarbeidarar til sjølve valdagen 13. september. 

Valdagen 13. september

I alle vallokala i kommunen er det behov for medarbeidarar på valdagen. Vi har behov for ca. 170 medarbeidar fordelt på 14 vallokale i heile kommunen. Vallokala er opne frå kl. 10.00-21.00, med unntak av Lepsøy og Fjørtoft som har kortare opningstid.

Obligatorisk opplæring

Alle som skal jobbe som valmedarbeidar må gjennomføre obligatorisk opplæring. Det vil bli lagt stor vekt på opplæring knytt til smittevern. Både du og veljaren skal kjenne seg trygge.

De må registrere dykk via ei lenke i systemet Mobilise. All kommunikasjon vil hovudsakleg gå gjennom dette enkle systemet i ettertid, og meir informasjon om dette vil komme etter rekrutteringsprosessen. 

For å kunne jobbe i eit vallokale må du ha fylt 18 år, og du kan ikkje stå på liste for eit parti til stortingsvalet. Du må vere påliteleg, nøyen og vand med å bruke pc.

Forventa timesats er kr 218,- som er KLP sin timesats for pensjonistar. Timesatsen må endeleg vedtakast av valstyret. 

Søk snarast råd via Mobilse.

Har du spørsmål kan du kontakte oss på e-post: politisk@alesund.kommune.no eller på telefon 70 16 20 00. 

Til toppen