Ung og engasjert

Ung og engasjert

Er du ein engasjert ungdom? Du kan skape utvikling i ditt lokalmiljø og uttale deg på vegne av unge i kommunen. Vi vil gjerne ha deg med på laget! Meld deg inn innan 20. januar 2022.Illustrasjon til kampanje for ung og engasjert ungdom - Klikk for stort bilete 

Du er ein viktig del av framtida, vil du vere med og bestemme korleis den kan bli? Bli med i eit kommunedelsutval, og påverk nærmiljøet ditt, eller bli med i ungdomsrådet for å påverke i saker som gjeld ungdom. 

Korleis engasjere deg og bli medlem 

Alle som ønsker det, kan melde sin interesse. Det gjer du ved å fylle ut dette skjemaet innan 5. januar 2022.

Send inn ditt forslag på kandidat til ungdomsråd og/eller kommunedelsutval.

Kommunedelsutvala

I eit kommunedelsutval møtest politikarar, innbyggarar, næringsliv og frivillige frå lag og organisasjonar for å saman arbeide for eit godt lokalmiljø. I Ålesund kommune kan vi ha med ungdom heilt ned til 14 år og det vil vi gjerne.  

Kva jobbar eit kommunedelsutval med? 

Kommunedelsutvalet skal vere initiativtakar til saker innbyggarane og nærmiljøet i kommunedelen er opptatte av. Utvala er både eit formelt og uformelt kontaktpunkt mellom innbyggarane og kommunen sine øvrige folkevalte organ, og mellom innbyggarane og kommunen. 

Kommunedelsutvalet skal legge til rette for at innbyggarane lettare kan vere med å uttale seg og bestemme i saker som gjeld kommunedelen. Som medlem i eit kommunedelsutval deltek du på møter, førebur deg og det vert forventa at du engasjerer deg mellom møta. 

Kven kan bli medlem i eit kommunedelsutval? 

Kandidatane må bu i kommunen, ha eit engasjement for kommunedelen og for innbyggarane som bur der og vere opptatt av eit aktivt lokaldemokrati. Kommunedelsutvalet skal vere breitt samansett og ungdom ned til 14 år kan velgast.   

Ungdomsrådet

Ungdomsrådet gir råd knytta til born og unge sin kvardag i kommunen. I tillegg uttalar ungdomsrådet seg på vegne av ungdom i kommunen.  

Kva jobbar eit ungdomsråd med? 

Ungdomsrådet har jamnlege møter, der medlemmane diskuterer tema som er viktige for dei unge i kommunen. I tillegg engasjerer medlemmane seg i ulik grad mellom møta.  

Ungdomsrådet skal vere ungdommens talerør overfor politikarane, men det kan også komme med eigne saker. Døme på saker der eit ungdomsråd skal seie si meining kan vere når politikarane føreslår å legge ned ein skule, dersom politikarane ønsker å endre kollektivtilbodet, om det kjem forslag om å gi mindre pengar til idrett. I det heile tatt skal ungdomsrådet kome med si meining når ei politisk sak i ein kommune får konsekvensar for dei unge.  

Kven kan bli medlem i ungdomsrådet? 

Kommunelova seier at personane som blir valde skal representerer ungdom i kommunen, og dei kan ikkje ha fylt 19 år på valtidspunktet. Det er ikkje eit krav at du er folkeregistrert som busett i kommunen.

Dette gjer mellom anna at dersom du går på skule i Ålesund kommune, utan å vere registrert som busett i kommunen, så kan du likevel bli medlem i ungdomsrådet. 

Er kommunedelsutval eller ungdomsråd noko for deg?

Alle som ønsker det, kan melde sin interesse. Det gjer du ved å fylle ut dette skjemaet innan 5. januar 2022.

Send inn ditt forslag på kandidat til ungdomsråd og/eller kommunedelsutval.

Til toppen