Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Information about corona in other languages.

Innbyggerinitiativ

Innbyggarforslag

Gjennom å samle underskrifter har du som innbyggar i ein kommune eller eit fylke rett til å sette ei sak på den politiske dagsorden. 

Eit innbyggerforslag gir Ålesund sine innbyggarar høve til å få kommunestyret til å behandle politiske saker du er opptatt av. Dersom du fremjer eit slikt forslag er kommunestyret forplikta til å behandle det innan 6 månedar.


RETNINGSLINER FOR INNBYGGARINITIATIV
 

1. Du må fremme eit forslag som du ønsker kommunetyret skal ta stilling til. Forslaget må ha eit konkret innhald
og gjelde ei sak (eller saker) som kommunen er pålagt å arbeide med, oppgåver kommunen har tatt på seg frivillig eller ting som du meiner kommunen bør ta eit ansvar for. Forslaget må altså dreie seg om saker som kommunen
har mynde til å gjere vedtak i.

2. Forslaget må vere skriftleg. Du står fritt til å formulere forslaget.

3. Forslaget må ha tilslutning frå minst 300 personar som er busette i kommunen. Personen må føre opp navn og bustadsadresse, dette for å verifisere at personen bur i Ålesund. Det er ikkje krav om at du eller de andre har stemmerett ved kommunestyrevalg – dvs det er ikkje bindingar i forhold til alder, butid i kommunen eller nasjonalitet. Tilslutninga må dokumenterast med underskriftsliste.

4. Det må opplysast kven som er talsperson for forslaget (ein eller fleire) slik at kommunen kan gi tilbakemelding på kommunestyret si behandling av saka.

Forslag som oppfyller desse vilkåra må kommunestyret ta stilling til seinast 6 månedar etter at det er sett fram. Dette gjeld likevel ikkje dersom eit liknande forslag med same innhald er sett fram tidlegare i same valperiode. Forslaget kan heller ikkje settast fram på nytt før det er gått fire år sidan det sist blei fremma.

Kommunestyret kan ta stilling til eit innbyggarinitiativ sjølv om vilkåra nemnt ovanfor ikkje er oppfylt. Det er opp til kommunestyret sjølv å ta stilling til om det vil behandle forslaget eller ikkje.

Lover og retningsliner

Kommunelovens § 39a setter retningslinjene for innbyggerinitiativ

Til toppen