Sjå medlemmar, møteplan og dokument for komiteen.
Komiteane skal halde seg best mogleg oppdatert om korleis kommunen løyser sine oppgåver innan komiteen sitt ansvarsområde og bidra til ei mest mogleg open, rasjonell og tidsmessig forvalting av desse oppgåvene. Komiteane har ansvar for å spørre etter, og evaluere effekt av vedtak som er gjort innanfor sine saksområde.
Komite for teknisk, miljø og samferdsel har 17 medlemar. Frå 08.09.2021 fekk Dag Olav Tennfjord (H) fritak som leiar, og kommunestyret valte samrøystes Frode Andresen (H) som ny leiar for komiteen.
Randi Helga Walderhaug Frivoll (KrF) er nestleiar.
Komiteen sine oppgåver har fokus på vekst og berekraft, og omfattar infrastruktur (vatn, avløp, renovasjon (VAR), veg, anlegg, park (VAP), landbruksforvaltning, eigedomsdrift, kart-geodata/oppmåling, natur og miljø.
Ansvarsområde:
Kommunalteknikk
Infrastruktur (vatn, avløp, renovasjon (VAR), veg, anlegg, park (VAP)
Landbruksforvaltning og viltforvalting
Eigedomsdrift
Kart- geodata/oppmåling
Natur og miljø
Brann og beredskap
Landskapsvern
Vegar
Hamner
Trafikktrygging