Koronaviruset

Her finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Hovudnummeret til Ålesund kommune er
70 16 20 00. Vår informasjonstelefon om korona 70 16 40 60 er betjent frå klokka 08.30 - 15.30 på kvardagar.

Gå til temaside om koronaviruset.

Information about corona in other languages.

Vil du bidra eller treng du bistand?

Kommunestyre og formannskap

Kommunestyre og formannskap

Kommunestyret er øvste organ, med overordna ansvar for kommunen si verksemd.  

Sjå medlemmar, møteplan og dokument for kommunestyret.

Kommunestyret skal i hovudsak konsentrere seg om dei prinispielt viktige og strategiske oppgåvene, og utforme kommunen sine målsettingar. Avgjersler med behov for brei politisk behandling, herunder dei viktigaste vedtaka av organisatorisk og økonomisk karakter skal ligge til kommunestyret.
Kommunestyret skal avgjere alle saker som gjeld folkevalt organisering, den administrative hovudstrukturen, kommuneplan og handlingsprogram. Kommunestyret skal også bestemme i saker der organet har mynde ut frå kommunelova og særlovgiving.

Tal medlemmar i kommunestyret er 77.

Formannskapet

Sjå medlemmar, møteplan og dokument for formannskapet.

Formannskapet er det nest øvste kommunale organet. Det treff vedtak på vegne av kommunen i dei tilfelle mynde er lagt til kommunen og det i lov eller delegeringsvedtak i kommunestyret ikkje er lagt til anna organ.

Formannskapet har mynde til å treffe vedtak i saker som skulle ha vore avgjort av anna organ, når det er nødvendig at vedtak blir fatta så raskt at det ikkje er tid til å innkalle rett (kompetent) organ, jf. kommunelova § 11-8. 

Formannskapet skal ha eit særleg fokus på forhold og saker som krev samordna politisk behandling i kommunen.

Formannskapet innstiller til kommunestyret i alle saker der ikkje innstillingsmynde er lagt til andre organ.

Tal medlemmar i formannskapet er 15. 

Til toppen