Vedtak

Vedtak

På møtet i Ålesund kommunestyre 17. mars blei saka om kommunedeling avgjort. Fleirtalet vedtok ei kommunedeling, men med andre grense enn det tidlegare Haram kommune hadde.  

Kommunestyret voterte først over kommunedirektøren sitt forslag om å seie nei til kommunedeling, fremma av Monica Molvær (Høgre). Forslaget fall med 33 mot 44 stemmer.   

Deretter blei det votert over formannskapet si innstilling, sett opp mot forslag frå Hans Kjetil Knutsen (Ålesundlista). Formannskapet si innstilling var ei utskiljing av Haram med kommunegrense slik den var på samanslåingstidspunktet 01.01.2020. Knutsen forslo ei utskiljing av Haram, med unntak av valkretsane Vatne/Tennfjord og Søvik/Grytestranda, som skal bli verande i Ålesund. Knutsen sitt alternative forslag vart vedtatt med 42 mot 35 stemmer.  

Til toppen