Spørsmål og svar frå/til politikarar

Spørsmål og svar frå/til politikarar

Spørsmålet om kommunedeling har stor offentleg interesse, og i denne artikkelen vil vi fortløpande publisere spørsmål frå, og svar til, kommunestyrerepresentantane.

Kommunestyrerepresentantane har høve til å stille spørsmål til alle saker som blir behandla i kommunestyret. Til vanleg blir desse spørsmåla svara ut på e-post og så lagt ved saka i etterkant. I saka om mogleg kommunedeling har kommunen oppretta denne nettside for spørsmål og svar frå og til kommunestyrerepresentantane. 

Saka har stor offentleg interesse. Av omsyn til innbyggarar og presse vil kommunen bruke denne sida til å offentleggjere spørsmål og svar fortløpande.  

Dette er eit levande dokument der nyaste spørsmål og svar kjem øvst. Spørsmål blir lagt inn når dei er svara ut. 

(01.03.2022) Spørsmål frå Lisa Alvestad (Sp) 

Er gjelda til ÅKE med i utrekninga eller ikkje? Det har mykje å seie sidan den delen av Ålesund kommune si gjeld er stor. Korleis kan gjeldsandelen vere rett om ÅKE si gjeld ikkje er med?  

Spørsmål: Det blir skrive i kunnskapsgrunnlaget at Haram sin del av gjelda var 25,54% ved inngangen til 2020. Er det riktig at mykje av gjelda til Ålesund låg i det kommunale føretaket ved inngangen av 2020, og har såleis i rapporten vorte utelaten frå Ålesund sin del? Inngåande balanse 1.1.2020 blei gjelda frå alle kommunane og selskapa samla i nye Ålesund og dannar grunnlag for finanskostnadene. Haram kommune sin del av gjelda var her 16,24% ikkje fråtrekt ubrukte lånemidlar (14,32% fråtrekt). Vil det då framleis vere riktig å bruke 25,54% som del i metodikken til kunnskapsgrunnlaget?   

Svar frå BDO:

Rapporten bygger på regnskapstall vi har mottatt fra Ålesund kommune, for de tidlegare kommunane for 2019. På bakgrunn av disse tallene er andel gjeld ved en utskillelse beregnet, for Harams vedkommande 25,54 prosent. 

Svar frå administrasjonen 

Kommunedirektøren har ikkje innsyn i dei utrekningane BDO har gjort, men kan stadfeste at eigne reknestykke syner at gamle Haram kommunes gjeld ved utgangen av 2019 utgjorde om lag 25 % av den samla gjelda i kommunekassene til dei fem gamle kommunane om ein held gjelda som låg i ÅKE i 2019 utanom.   

Ein gjer merksam på at BDO sjølv har kommentert dette i det vedlegget til rapporten som syner kommunane sine balanserekneskapar pr. 31.12.2019, der dei mellom anna skriv «Det kommunale eiendomsforetaket (ÅKE KF) har i sin balanse eiendeler og gjeld knyttet til kommunal eiendomsmasse. Ved eventuell utskilling av Haram som egen kommune må balanseverdiene i ÅKE KF gjennomgås og fordeles som beskrevet under, slik at kommunane får med seg sin respektive andel av henholdsvis eiendeler, gjeld og egenkapital. Tilsvarende vil gjelde for de andre kommunale foretakene». (Kommunedirektøren si utheving).  

Kommunedirektøren finn det rett å presisere at dei kommunale føretaka i all hovudsak er finansiert av overføringar frå kommunekassa. I nye Ålesund kommune er desse overføringane budsjettert på det ein kallar «90-området» – «Frie inntekter, finans m.m.». Overføringane til føretaka skal også dekke føretaka sine utgifter til renter og avdrag. BDO har i sin rapport gjort ei fordeling av netto driftsrammer. Dette inkluderer også ei fordeling av overføring til føretaka. Med andre ord er utgifter til renter og avdrag på den gjelda som ligg i føretaka fordelt etter same nøkkel som fordeling av andre driftsrammer. 

Spørsmål frå Malena Strømmen Malakzadeh (Rødt) 

Eg skjønnar det slik at når det kjem til førehandsrøysting blir det ikkje registrert kva kommunedel du røystar frå/høyrer til, at dette registrerast berre på sjølve valdagen. Stemmer det? 

 Om det er slik, då seier det seg sjølv at ein ikkje kan ta omsyn til resultata frå kvar ein har stemt og om det skal ha noko å seie for vidare utbryting (t.d. Tennfjord/Vatne). 

Eg ser no at ein ber folk i sosiale media å røyste taktisk - altså å røyste på valdagen for å få registrert kommunedelen du røyster i også, og har fått nokre bekymringsmeldinger om at folk er fortvila over å ha førehandsrøysta om ikkje det registrerast som at t.d. deira "ja-stemme" frå Søvik ikkje registrerast som nei frå Søvika, medan "nei" frå Tennfjord registrerast. 

Politikarane som skal ta avgjersla må i så fall vere klar over at ein ikkje kan ta omsyn til kven som stemmer kor i frå, om dette registrerast berre på valdagen. 

Svar frå administrasjonen 

Det er riktig at førehandsstemming blir registrert separat. Det vil seie at valresultatet vil bli registrert per krins, samt førehandsrøysting og brevrøysting kvar for seg. Vi har på denne måten oversikt over kvar ein har tatt imot stemmer, og kor mange stemmer ein har tatt imot, men ikkje kva som er stemt. 

Stemmeresultata vil gi ein peikepinn på kva folket meiner, og vil slik vere ein del av kommunestyret sitt totale kunnskapsgrunnlag. Korleis kommunestyret vel å bruke resultatet er eit politisk avgjersle.  

(28.02.2022) Spørsmål frå Geir Ove Leite (Ap) 

I rapporten frå BDO er der ein del punkt som er viktig for dei tilsette, og spesielt det som er knytt til «ikkje stedbundne tenester». Vi i Arbeiderpartiet er sterkt bekymra for dei signala som kjem fram i rapporten og den «omstilling – og endringstrøttheten» som kjem fram i rapporten. 

PUNKT 2- OMSTILLINGS- OG ENDRINGSTRØTTHET (sitat frå rapporten s.3) For det fjerde er det endringstrøtthet i kommuneorganisasjonen og variabel motivasjon for fortsatt omstilling. Med de gjennomførte reduksjonene i kommunens sentrale staber er kapasiteten for å legge til rette for god styring parallelt med en utskillelsesprosess etter vårt syn betydelig redusert. Dette, i kombinasjon med omstillings- og endringstrøtthet, kan gjøre  organisasjonen ekstra utsatt og medfører ytterlegare økt risiko i arbeidet frem mot en eventuell utskillelse. Dette kan etter vårt syn utfordre gjennomføringsevnen for de planlagte effektiviseringsgevinstene som ligger til grunn for vedtatt økonomiplan. 

PUNKT 3 – KOMMUNEN SOM ARBEIDSGIVER (s.32i rapporten) 

Der er veldig uklart kva som skjer med dei tilsette dersom Haram skal bli eigen kommune. Har ikkje skjedd sidan 70-talet at ein har løyst opp ein ny kommune.  

Kven skal over til Haram og kven skal bli? Under er to punkt som blir problematisert: 

  • Reservasjonsrett - Arbeidstaker kan motsette seg at arbeidsforholdet overføres til ny arbeidsgjevar. 

  • Vern mot oppsigelse - Overdragelse av eining til annen arbeidsgjevar er ikke i seg sjøl grunn for oppsigelse eller avskjed fra tidlegare eller ny arbeidsgjevar. 

Mine spørsmål er: 

  1. Kva for prosess har kommunedirektøren lagt opp til fram mot kommunedirektørens innstilling til kommunestyremøtet 17. mars slik at dei tilsette blir høyrde i prosessen?   

  1. Er det lagt opp til drøftingsmøte eller andre møte før kommunedirektøren kjem med si innstilling? 

  1. Korleis tenkjer de at prosessen knytt til punkt 3 over skal gjennomførast dersom ein vel at Haram skal bli eigen kommune frå 1/1-24? 

  1. Har de ei oversikt over kor mange styrings- og arbeidsgrupper som blei oppretta i prosessen fram til 1/1-20? 

Svar frå administrasjonen: 

1. og 2.: Kommunedirektøren har kalla inn til informasjons-/drøftingsmøte 4. mars. Hensikta med møtet er: 

Å gi oppdatert informasjon (dagen etter folkeavstemninga) om den vidare prosessen. 

Eit høve for hovudtillitsvalde til å komme med innspel om kva som er viktig for arbeidstakarorganisasjonane  i den vidare prosessen.   

Kommunedirektøren tek med innspel frå  arbeidstakarorganisasjonane i saka som skal til handsaming i kommunestyret 17. mars. 

3. Denne prosessen er ikkje planlagt, men må førebuast med bakgrunn i lovgjeving og regelverk knytt til verksemdsoverdraging, og forventa forskrift om oppløysing av kommunar.   

4. : I det overordna styringsdokumentet: «Slik byggjer vi nye Ålesund», kjem det fram korleis samanslåinga vart organisert, inkludert dei overordna arbeidsgruppene som vart nedsett. I tillegg til dette vart det sett ned ei rekke arbeidsgrupper innanfor alle fagområde for å sikre den praktiske gjennomføringa av det fag/ arbeidsgruppene la fram. 

Spørsmål frå Hans Endre Sæterøy (V) 

Ut i frå informasjon om at inndelingslova opnar for å teikne nye grenser som avvik frå gamle Haram sine grenser, meiner kommunedirektøren då at vi har nok kunnskap til å teikne slike grenser? Kva må til? Er det behov for ytterlegare prosessar dersom dette skulle vere aktuelt?» 

Svar frå administrasjonen (i form av notat frå kommuneadvokaten datert 25.02.22) 

Svar frå administrasjonen (i form av notat frå kommuneadvokaten datert 25.02.22) 

Innleiing og presisering 

Departementet sende 12. november 2021 ut eit brev med tittelen «Informasjon til tvangssammenslåtte kommuner om prosess og tidsplan for mulig deling». I brevet viser departementet til reglane i inndelingslova. Brevet låg også ved som vedlegg 2 til sak 216/21 om «Innbyggarforslaget – Haram ut av Ålesund» som vart handsama 25. november 2021. 

I notat dagsett 16. februar 2022 var kommuneadvokaten sin konklusjon om kommunestyrets handlingsrom slik «Det politiske handlingsrommet etter prosessen i inndelingslova inneber at kommunestyret kan la vere å sende inn søknad, sende søknad om reetablering av dei gamle kommunegrensene eller foreslå nye kommunegrenser» 

Problemstillinga her blir då kva krav som stillast til ein eventuell søknad frå Ålesund kommune om deling med andre grenser enn dei tidlegare. 

Kva skal søknaden innehalde, inndelingslova § 8 

Informasjonsskrivet frå departementet dagsett 12.11.21 inneheld opplysningar både om prosess og innhald av ein søknad. Mellom anna skal ikkje søknaden via statsforvaltaren, men sendast direkte til departementet. Det heiter i brevet «Å dele en kommune medfører administrative og politiske forberedelser både på kommunalt og statlig nivå. En del av forberedelsene kan skje etter at det er truffet formelle delingsvedtak» (mi understreking) 

Utgreiing før eventuell søknad 

Lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova) § 8, 4. ledd inneheld opplysningar om kva ein eventuell søknad om deling av ein kommune skal innehalde. 

«Søknad om at det skal setjast i gang utgreiing om grenseendring eller grensefastsetjing skal vere skriftleg og grunngitt, og må innehalde forslag til nye grenser.» 

I brevet frå departementet heiter det «En søknad fra kommunestyret om deling skal sendes direkte til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Søknaden skal være skriftlig og begrunnet, og den må inneholde forslag til nye kommunegrenser, jf. inndelingsloven § 8. Søknaden må også  inneholde forslag til kommunenavn. At søknaden skal være begrunnet, innebærer at den bør redegjøre for hvordan kommunen vil bli berørt av en deling. Loven oppstiller ingen nærare krav til hvilke opplysningar søknaden skal inneholde.» (mi understreking) 

Departementet utdjupar likevel dette slik som eit «bør-krav» 

«En godt utredet søknad fra kommunen er viktig for at departementet skal kunne legge frem en opplyst sak om deling for Kongen i statsråd. Kommunedirektøren har en generell plikt til å påse at saker som legges fram for folkevalgte organer, er forsvarlig utredet, jf. kommuneloven § 13-1.  

For øvrig gir ikke inndelingsloven konkret rettleiing om hva en utredning om deling bør inneholde. Bakgrunnen for dette er at inndelingssaker er svært ulike, både når det gjelder art og omfang. (mi understreking) 

I denne prosessen meiner departementet at en utredning blant annet bør omtale hvilke konsekvenser delingen vil få for samfunnsutviklingen i kommunen, tenester til innbyggerne (herunder at nye kommuner kan ivareta lovpålagte oppgaver), myndighetsutøvelse og lokaldemokratiet. Jeg viser til inndelingsloven § 1 om at endringer i kommune- og fylkesinndelingen bør medvirke til å skape formålstjenlige enheter som kan gi innbyggerne og næringslivet tilfredsstillende tenester og forvaltning.» 

Ålesund kommune sitt kunnskapsgrunnlag 

Kommunestyret skal gjere ei samla, brei, skjønnsmessig vurdering, og vil under handsaminga av saka ha tilgang til 

• BDO rapport og svar frå BDO på oppfølgingsspørsmåla 

• Resultatet av folkerøystinga i dei ulike valkrinsane (6) i tidlegare Haram 

• Opinionsundersøkinga 

• Høyrinsinnspel frå kommunedelsutvala 

• Andre opplysningar om «demografiske utviklingstrekk, flytteaktivitet, pendling, næringsstruktur og næringsutvikling, byggjemønster og arealbruk, inntekts- og utgiftsstruktur, det kommunale tenestetilbodet osv.» (O.prp.prp. nr. 41 2000-2001).  

Kommunedirektøren skal etter kommunelova § 13-1, tredje leddet sjå til at sakene som leggjast fram for kommunestyret er forsvarleg utgreidd. Det heiter i lovmerknaden  

«Saker som legges fram for folkevalgte organer, skal, som tidlegare, være forsvarlig utredet. Bestemmelsen presiserer nå at utredningen skal gi et faktisk og rettslig grunnlag for å treffe vedtak. Utredningen skal derfor inneholde relevant og nødvendig informasjon om sakens faktum. I tillegg skal det juridiske grunnlaget være utredet i nødvendig og tilstrekkelig grad. Hvor omfattande denne utredningsplikten er, vil bero på en konkret vurdering av den aktuelle saks omfang, kompleksitet, tidsaspekt og så vidare.» ( mi understreking) 

Utgreiing etter søknad 

Etter inndelingslova ligg utgreiingsplikta i stor grad på departementet jf § 9 «Departementet avgjer om det skal setjast i gang utgreiing på grunnlag av initiativ etter § 8 og tar i tilfelle stilling til kva som er nødvendig omfang av denne(…)» 

I note 50 til lova (prof. Jan Fridthjof Bernt) heiter det «Det er departementet, ev. fylkesmannen, som må ta ansvaret for saksutredningen (…)» 

I Or.prp nr.41 (2000-2001) heiter det «Sjølv om det ikkje har kome eksplisitt til uttrykk i lova, er det departementet (Kommunal- og regionaldepartementet) som har ansvaret for den nødvendige saksførebuinga. Dels går dette fram av samanhengen i lova, og dels av den vanlege saksførebuande funksjonen departementet har overfor regjeringa i meir generelle saker som gjeld kommunane.» (mi understreking) 

I departementet sitt utgreiingsarbeid har offentlege organ plikt til å medvirke til å innhente eller gi informasjon, men det er presisert at (note 57) 

«Departementet (…). kan ikke, med hjemmel i § 9, overlate utredningsarbeidet i sin helhet til en kommune eller fylkeskommune» 

Departementet skriv i brevet dagsett 12. november 2022 «Etter at departementet har mottatt kommunenes utredning og søknad om deling, vil departementet på kort tid forberede og fremme en sak for Kongen i statsråd om delingen i form av en kongelig resolusjon» ( mi understreking) 

Ulike moment til vurdering 

Det er naturleg at departementet sitt hovudansvar for utgreiing etter inndelingslova §§ 8 og 9 legg føringar for kravet til utgreiing som ligg på kommunedirektøren etter kommunelova § 13-1, tredje leddet.  

Departementet har i saka lagt opp til ein prosess med store avvik frå normal prosedyre for deling av kommunar. Det er særs korte tidsfristar, lite avklaringar i lova og det har aldri blitt gjort før. Det er mogeleg å hevde at dette må medføre at kravet til søknaden frå kommunen er mindre enn det elles ville vere etter ein prosess med normal tidsbruk. 

Ein del av kunnskapsgrunnlaget til kommunestyret er resultata av folkerøystinga i dei 6 valkrinsane i tidlegare Haram kommune. Resultatet av folkerøystinga er ikkje kjend før rundt 04. mars 2022, før dette kan ein ikkje vurdere kva utgreiing som er tenleg eller nødvendig.  

Sidan Ålesund kommune allereie har ei grundig utgreiing gjort av BDO, kan kommunedirektøren undersøke om det er råd å justere tala og estimata for dei valkrinsane der resultata tilseier det. 

Gitt den korte tidsfristen, avvika får normal prosedyre og det klare ansvaret for utgreiing som ligg på departementet etter at søknad er sendt, kan det ikkje stillast for store krav til utgreiinga. 

Slik departementet gir føringar om «bør» utgreiinga omtale kva konsekvensar delinga vil får for samfunnsutviklinga i kommunen, tenestene til innbyggarane, utøving av mynde og lokaldemokrati. Det er all grunn til å tru at ein søknad innanfor desse rammene vil vere tilstrekkeleg til ein vidare prosess. 

Deretter er det opp til departementet etter § 9 å ta stilling til om dei treng fleire opplysningar og kva det i so fall skulle vere. 

Spørsmål frå Lisa Alvestad (Sp) 

Eg ønsker også å få ei klargjering rundt spørsmålet under her. Kan BDO bekrefte eller avkrefte at den sida med tabellane som vart sendt ut i kortversjonen gir eit rett bilete av den økonomiske situasjonen? Eg tenker spesielt på dei setningane under tabellane: sjå nettsidene  

Spørsmål: Det utsendte kunnskapsgrunnlaget til befolkninga konkluderer feilaktig på basis av denne metodikken at Haram vil gå med meirforbruk. Kva er grunnlaget for at de valde ein metodikk som blandar meir/mindreforbruk og avsetninger når det blir så uklart for dei fleste?   

Svar frå BDO:

BDOs rapport bygger på vedtatt budsjett og økonomiplan. Vi skriver ikke at en ny Haram kommune vil gå med et regnskapsmessig merforbruk, men at forutsetningene om oppbygging av disposisjonsfond fra og med 2023 ikke kan kombineres med et opprettholdt driftsnivå.   

Det er viktig å presisere at tabellene i rapporten ikke er en budsjett- eller regnskapsoppstilling etter kommunelovens budsjett- og regnskapsforskrifter, men en endring i forhold til forutsetningene i vedtatt økonomiplan.  

Svar frå administrasjonen:  

Kommunen har ikkje ein vidare avtale med BDO til å svare ut spørsmål. Sjå svar frå BDO på tilsvarande spørsmål på kommunen sine sider her:  Folkemøte - Ålesund kommune (alesund.kommune.no)  

Spørsmål frå Svein Rune Johannessen (A)  

Det blir skrive i kunnskapsgrunnlaget at Haram sin del av gjelda var 25,54% ved inngangen til 2020. Er det riktig at mykje av gjelda til Ålesund låg i det kommunale føretaket ved inngangen av 2020, og har såleis i rapporten vorte utelaten frå Ålesund sin del? Inngåande balanse 1.1.2020 blei gjelda frå alle kommunane og selskapa samla i nye Ålesund og dannar grunnlag for finanskostnadene. Haram kommune sin del av gjelda var her 16,24% ikkje fråtrekt ubrukte lånemidlar (14,32% fråtrekt). Vil det då framleis vere riktig å bruke 25,54% som del i metodikken til kunnskapsgrunnlaget?  Var ikke gjelda fra ÅKE inkludert i regnskapstalla fra kommunen for 2019, som ble overlevert BDO? Det bør de da være, fordi ÅKE sitt regnskap er vel en del av det regnskap 2019 som ble overlevert revisjonen?  

 Svar frå administrasjonen:   

Kommunen har ikkje ein vidare avtale med BDO til å svare ut spørsmål. Sjå BDO sitt svar: Folkemøte - Ålesund kommune (alesund.kommune.no) Legg merke til at BDO har kommentert ÅKEs balanse spesifikt i vedlegget til kunnskapsgrunnlagets som viser balanseverdiene pr. 31.12.2019.    

24.02.22 Spørsmål frå Tore Johan Øvstebø (KrF) 

På folkemøtet i Brattvåg i går svarte justisminister Slagsvold Vedum på mange spørsmål. Han forsikra forsamlinga om at staten betaler - og han var tydelig på at «i denne runden» er det ikkje mulig å justere grensene slik at ein ved ei kommunedeling også deler opp gamle Haram. Det må eventuelt komme seinare - gjennom ein grundig og meir langvarig prosess, sa Vedum.  
 
Så han avviste heile problemstillinga dersom ein kommunedel skulle ha eit ynskje om å forbli i Ålesund i denne runden. Her var det berre snakk om reversering. Alt eller ingenting. Tenker at det er viktig å få dette 100% avklart i saksutgreiinga til kommunestyret. Gjerne med skriftlig beskjed frå Departementet. 

Kommunedirektør Steven Hasseldal sin e-post vidare til departementet:

Ålesund kommune ber departementet avklare følgende problemstilling: 

Dersom folkeavstemmingen i «Gamle Haram» skulle vise at en krets ikke ønsker å løsrive seg fra Ålesund, mens resten vil bli egen kommune, og kommunestyret bestemmer seg for berre å søke om fradeling for de delene som har ønsket seg ut. Vil en slik søknad bli behandlet i denne runden eller er det berre mulig å søke om oppdeling etter gamle grenser? En ber i så fall om hjemmelsgrunnlaget til å fravike inndelingsloven som i utgangspunktet stiller kommunestyret helt fritt. 

Kommunedirektøren har tidlegare henvendt seg muntleg til departementet og fått bekreftet at inndelingsloven gjelder, men statsråd Vedum har ved sine uttalelser på folkemøte i Brattvåg i går skapt usikkerhet om dette. Det er viktig for kommunen å få en tydelig tilbakemelding fra departementet om det er innskrenkinger i handlingsrommet som inndelingsloven setter. Vi ber om en rask avklaring på dette spørsmålet da det er knyttet stor interesse til dette og det er viktig at innbyggerne kjenner til dette før man skal avgi stemme 3. mars. 

Svar frå kommunal- og distriktsdepartementet v/seniorrådgivar Lise Leroy Wilhelmsen:

Som det går frem av brevet av 12. november 2021 om prosess og tidsplan for tvangssammenslåtte kommuner, og som vi har bekreftet tidlegare, er det slik at inndelingsloven gjelder. Det er ikke lagt noen begrensninger på kommunestyrets myndighet. Det framgår også av brevet at utredningen blant annet bør omtale hvilke konsekvenser delingen vil få for samfunnsutviklingen i kommunen, tenester til innbyggerne (herunder at nye kommuner kan ivareta lovpålagte oppgaver), myndighetsutøvelse og lokaldemokratiet, og at endringer i kommune- og fylkesinndelingen bør medvirke til å skape formålstjenlige enheter som kan gi innbyggerne og næringslivet tilfredsstillende tenester og forvaltning. 

23.02.22 Spørsmål frå Arnt-Ove Tenfjord (Uavhengig) 

Det er to Montessorriskular i Brattvåg kommunedel. Ein på Grytestranda, og ein på Hildre. Det er også private skular utanfor kommunedelane Vatne Tennfjord, Brattvåg og Nordøyane som hentar elevgrunnlaget sitt frå heile Ålesund, også den internasjonale skulen i Nørvøysund. 

Er lærartalet/ elevtalet ved desse to Montessorriskulane i gamle Haram med i denne oversikta som er svar til Njål Bele (Ap)?  

I kva grad merkar Ålesund kommune - og på kva område som t.d. skyss, spesialundervisning - merkar Ålesund kommune elevtalet og kostnadar til dei private skulane over sitt budsjett? 

Svar frå administrasjonen:  

Hildre og Grytastranda var ikkje med i oversikten. De hadde totalt 100 elever 1.1.2020 og har 102 elever pr 1.1.2022. 

Vi  merker økte utgifter både til skyss og i utbetalinger av spesialpedagogisk hjelp til friskolene. 

Spørsmål frå Njål Bele (Ap)

I Haramsdiskusjonen som er har det ved fleire anledninger vært vist til fra Bjørn Nedreskodje at Haram er spesielt hardt rammet i forhold til reduksjon av lærerårsverk. Han viser til en reduksjon på 31 årsverk, han viser til ei telefonrunde med rektorene der ute.  Er dette riktig? 

Svar frå administrasjonen: 

Det er rett at tal på årsverk i Haram har gått vesentlig ned fra 1.1.2020. Samtidig har den samla reduksjonen av årsverk på skole i Ålesund kommune vært på 111 årsverk, fra 1075 årsverk til 966. Så reduksjonen av årsverk i skolen har rammet alle deler av kommunen. 

 

 

Til toppen