Kommunegrenser - spørsmål om inndelingslova

Kommunegrenser - spørsmål om inndelingslova

Kan kommunestyret vedta å søke om at berre delar av tidlegare Haram får gå ut av Ålesund kommune? Dette spørsmålet har kommuneadvokaten vurdert.

Før kommunestyremøtet 17. februar sendte Tore Johan Øvstebø (KrF) inn eit spørsmål til kommunedirektøren. Øvstebø hadde tenkt at anten går heile Haram ut av Ålesund, eller så fortset heile Haram som ein del av Ålesund kommune. No ville han vite om det er inndelingslova som gjeld ved kommunedeling, og om kommunestyret i så fall også må ta stilling til kvar dei nye grensene mellom dei to kommunane skal gå?

Kan foreslå nye kommunegrenser 

Kommunedirektøren bad derfor om ei uttale frå kommuneadvokaten. Den juridiske vurderinga, som låg med i innkallinga til kommunestyret, avrundar med følgande oppsummering:

  • Ålesund kommunestyre skal handsame saka om eventuell deling av kommunen etter reglane i inndelingslova
  • Det er ikkje føringar verken i lov, lovforarbeid eller anna informasjon frå departementet om at deling etter § 5 berre gjeld reetablering av dei gamle kommunegrensene. Kommunestyret står difor fritt i å foreslå ny kommunegrenser etter § 8.
  • Det politiske handlingsrommet etter prosessen i inndelingslova inneber at kommunestyret kan la vere å sende inn søknad, sende søknad om reetablering av dei gamle kommunegrensene eller foreslå nye kommunegrenser

Her kan du lese heile notatet med spørsmål og svar om inndelingslova. (PDF, 159 kB)

Til toppen