Bakgrunn, framdrift og vedtak

Bakgrunn, framdrift og vedtak

Den nye regjeringa har opna opp for at tvangssamanslåtte kommunar kan bli oppløyste viss kommunestyret søker om dette innan midten av mars.

Innbyggarforslag om kommunedeling

Kommunen mottok 21. oktober 2021 eit innbyggarforslag med krav om folkerøysting i kommunedelen Haram. Målet for innbyggarinitiativet "Haram ut av Ålesund" er å få oppheva Stortinget sitt vedtak om tvangssamanslåing av 08.06.2017. For å oppnå dette krev innbyggarforslaget at det blir gjennomført ei folkerøysting.

Ålesund kommunestyre behandla saka i møte 25. november. Då fatta kommunestyret vedtak om å gjennomføre folkerøysting i Haram kommunedel. I tillegg bad kommunestyret om at det blir gjennomført ei opinionsundersøking i heile kommunen. Før dette skal kommunen skaffe eit kunnskapsgrunnlag gjennom ei ekstern utgreiing som klargjer kva konsekvensar delinga eventuelt vil få for den utskilde kommunen og den gjenverande kommunen.  

Utgreiinga skal:

  • klargjere kva konsekvensar delinga vil få for den utskilte kommunen og gjenverande kommune knytt til samfunnsutvikling, tenester til innbyggarane, økonomi, utøving av mynde, lokaldemokrati og kommunen som arbeidsgivar,
  • klargjere kva prosessen fram til oppløysning vil innebere i forhold til kostnadar, prosjektbygging og organisering.
  • ha som del av kunnskapsgrunnlaget utgreiingar som vart gjort i samband med samanslåingsprosessane i dei fem kommunane.

Før innbyggarane skal ta stilling til delingsspørsmålet, vil Ålesund kommune gjennom Posten sende ut skriftleg informasjon til alle husstandar i kommunen.

Haram kommune

Tidlegare Haram kommune utgjer i dag tre kommunedelar i Ålesund kommune. Kommunedelane som er omfatta av forslaget er:

  • Nordøyane
  • Brattvåg, Hilde og Søvik
  • Vatne og Tennfjord
  • Fjørtoft (i kommunedelen Sandøy og Fjørtoft)

I sum utgjer dette ca. 10.000 innbyggjarar.

Sjå kart over dei 11 kommunedelane i Ålesund kommune

Kart med stemmekretsane i Ålesund

Økonomisk støtte

Formannskapet viste i møte 30.11.2021 til at den økonomiske støtta frå staten ikkje vil dekke dei reelle kostnadane ved ei konsekvensutgreiing og påfølgande gjennomføring av folkeavstemming/opinionundersøkelse. Kommunedirektøren vart derfor bedt om å søke staten om full dekning av utgifter relatert til konsekvensutgreiing, folkeavstemming og opinionundersøkelse.

Formannskapet meiner at det vil vere ein styrke om det kunne synleggjerast i kva grad det vert behov for kjøp av tenester og interkommunalt samarbeid i dei nye organisasjonane.

Sjå sakspapir frå kommunestyret som gjeld Haram ut av Ålesund.

Framdrift

21. oktober 2021

Innbyggjarforslag levert kommunen.

25. november 2021

Kommunestyret behandla innbyggjarforslaget og bestemte at ein skal sette i gang med ei utgreiing/ folkerøysting/ opinionsundersøking.

21. desember 2021

Signerte avtale med ekstern konsulent som skal utgreie konsekvensar av oppløysing.

22. desember 2021

Arbeidet med konsekvensutgreiing startet.

18. januar 2022

Møte i Ålesund valstyre som avgjorde detaljane i prosessen vidare.

10. februar 2022

Konsekvensutgreiinga klar.

17. februar 2022

Møte i Ålesund kommunestyre der konsekvensutgreiinga blei presentert.

18. februar 2022

Digitalt folkemøte der innbyggarar kunne stille spørsmål til BDO om konsekvensutgreiinga.

18. — 25. februar 2022

Opinionsundersøking.

24. februar — 1. mars 2022

Førehandsstemming.

3. mars 2022

Folkeavstemming.

3. mars 2022

Resultatet frå opinionsundersøkinga og valet ble offentleggjort.

4. mars 2022

Valstyret godkjente valresultata.

17. mars 2022

Ålesund kommunestyre vedtok å søke om oppløysing og grensejustering.

18. mars 2022

Søknad sendt til departementet.

14. juni 2022

Vedtak i Stortinget om deling av kommunen. 

16. juni 2022

Vedtak i kommunestyret om namn på dei nye kommunane, Haram og Ålesund.

23. juni 2022

Første møte i kommuneutval Haram. 


 

Til toppen