Innbyggarforslag om kommunedeling
Kommunen mottok 21. oktober 2021 eit innbyggarforslag med krav om folkerøysting i kommunedelen Haram. Målet for innbyggarinitiativet "Haram ut av Ålesund" er å få oppheva Stortinget sitt vedtak om tvangssamanslåing av 08.06.2017. For å oppnå dette krev innbyggarforslaget at det blir gjennomført ei folkerøysting.
Ålesund kommunestyre behandla saka i møte 25. november. Då fatta kommunestyret vedtak om å gjennomføre folkerøysting i Haram kommunedel. I tillegg bad kommunestyret om at det blir gjennomført ei opinionsundersøking i heile kommunen. Før dette skal kommunen skaffe eit kunnskapsgrunnlag gjennom ei ekstern utgreiing som klargjer kva konsekvensar delinga eventuelt vil få for den utskilde kommunen og den gjenverande kommunen.
Utgreiinga skal:
- klargjere kva konsekvensar delinga vil få for den utskilte kommunen og gjenverande kommune knytt til samfunnsutvikling, tenester til innbyggarane, økonomi, utøving av mynde, lokaldemokrati og kommunen som arbeidsgivar,
- klargjere kva prosessen fram til oppløysning vil innebere i forhold til kostnadar, prosjektbygging og organisering.
- ha som del av kunnskapsgrunnlaget utgreiingar som vart gjort i samband med samanslåingsprosessane i dei fem kommunane.
Før innbyggarane skal ta stilling til delingsspørsmålet, vil Ålesund kommune gjennom Posten sende ut skriftleg informasjon til alle husstandar i kommunen.
Haram kommune
Tidlegare Haram kommune utgjer i dag tre kommunedelar i Ålesund kommune. Kommunedelane som er omfatta av forslaget er:
- Nordøyane
- Brattvåg, Hilde og Søvik
- Vatne og Tennfjord
- Fjørtoft (i kommunedelen Sandøy og Fjørtoft)
I sum utgjer dette ca. 10.000 innbyggjarar.
Sjå kart over dei 11 kommunedelane i Ålesund kommune
Kart med stemmekretsane i Ålesund
Økonomisk støtte
Formannskapet viste i møte 30.11.2021 til at den økonomiske støtta frå staten ikkje vil dekke dei reelle kostnadane ved ei konsekvensutgreiing og påfølgande gjennomføring av folkeavstemming/opinionundersøkelse. Kommunedirektøren vart derfor bedt om å søke staten om full dekning av utgifter relatert til konsekvensutgreiing, folkeavstemming og opinionundersøkelse.
Formannskapet meiner at det vil vere ein styrke om det kunne synleggjerast i kva grad det vert behov for kjøp av tenester og interkommunalt samarbeid i dei nye organisasjonane.
Sjå sakspapir frå kommunestyret som gjeld Haram ut av Ålesund.
Framdrift
21. oktober 2021
Innbyggjarforslag levert kommunen.
25. november 2021
Kommunestyret behandla innbyggjarforslaget og bestemte at ein skal sette i gang med ei utgreiing/ folkerøysting/ opinionsundersøking.
21. desember 2021
Signerte avtale med ekstern konsulent som skal utgreie konsekvensar av oppløysing.
22. desember 2021
Arbeidet med konsekvensutgreiing startet.
18. januar 2022
Møte i Ålesund valstyre som avgjorde detaljane i prosessen vidare.
10. februar 2022
Konsekvensutgreiinga klar.
17. februar 2022
Møte i Ålesund kommunestyre der konsekvensutgreiinga blei presentert.
18. februar 2022
Digitalt folkemøte der innbyggarar kunne stille spørsmål til BDO om konsekvensutgreiinga.
24. februar — 1. mars 2022
3. mars 2022
Resultatet frå opinionsundersøkinga og valet ble offentleggjort.
4. mars 2022
Valstyret godkjente valresultata.
17. mars 2022
Ålesund kommunestyre vedtok å søke om oppløysing og grensejustering.
18. mars 2022
Søknad sendt til departementet.
14. juni 2022
Vedtak i Stortinget om deling av kommunen.
16. juni 2022
Vedtak i kommunestyret om namn på dei nye kommunane, Haram og Ålesund.
23. juni 2022
Første møte i kommuneutval Haram.