Politisk styring frå 2024

No er kommunestyre- og fylkestingsvalet for Ålesund og Haram godkjent. Her kan du sjå resultat og kven som skal sitte i kommunestyra for komande periode.   

Illustrasjonsbilde kommunestyre - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilde kommunestyre Jon Åge Giske Andersen

I Ålesund kommune hadde 45 630 stemmerett. Av dei var det 28 337 som valte å stemme i årets val. Det gir ein oppmøteprosent på 62,10%, I førehandsstemmeperioden kom det inn flest stemmer, 15 831. På valdagen kom det inn 12 506 stemmer.

Til Ålesund kommunestyre skal det vere 47 representantar. Valresultatet gir denne fordelinga av mandat til kommunestyret: 

  • Fremskrittspartiet, 13
  • Høyre, 11
  • Arbeiderpartiet 7
  • Ålesundlista - Tverrpolitisk liste for Ålesund, 7
  • SV- Sosialistisk Venstreparti, 2
  • Kristelig Folkeparti, 2
  • Senterpartiet, 1
  • Miljøpartiet De Grønne, 1
  • Venstre, 1
  • Industri - og Næringspartiet, 1
  • Rødt, 1


valgresultat.no kan du sjå endå meir statistikk på korleis stemmene blei fordelt.  

Medlemmer i Ålesund kommunestyre fordelt på parti
 


Valresultat for Haram kommune

I Haram kommune er det 7 345 personar med stemmerett. Det var totalt 4 814 stemmesetlar, og 2 472 av dei kom på førehand. Det gir ein frammøteprosent på 65,8%.  På valgresultat.no kan du sjå endå meir statistikk på korleis stemmene blei fordelt i Haram kommune.   

Til Haram kommunestyre skal det vere 27 representantar. Valresultatet gir denne fordelinga av mandat til kommunestyret: 

  • Senterpartiet, 9
  • Fremskrittspartiet, 4
  • Høgre, 4
  • Industri - og Næringspartiet, 3
  • Arbeidarpartiet, 3
  • Venstre, 2
  • SV-Sosialistisk Venstreparti, 1
  • Kristelig Folkeparti, 1

Medlemmer i Haram kommunestyre fordelt på parti

Valresultat Haram