Opinionsundersøking

Opinionsundersøking

Før folkeavstemminga, vil eit eksternt selskap gjennomføre ei opinionsundersøking i heile Ålesund kommune. Målet er å få innsikt i kva innbyggarane i heile Ålesund kommune meiner i høve ei potensiell kommuneoppløysing.

Norfakta Markedsanalyse har gjennomført opinionsundersøking på oppdrag frå Ålesund kommune i perioden 18. til 23. februar 2022.

Sjå rapporten om opinionsundersøkinga (PDF, 615 kB).

Gjennomføring

Eit tilfeldig utval på 806 personar med alder 16 år eller eldre i Ålesund kommune er intervjua pr. telefon (Haram: 401 intervju/Ålesund kommune elles: 405 intervju). For å oppnå best mogleg representativitet så er resultata i etterkant vekta med tanke på kjønn, alder og bustad. Utvalet er trekt tilfeldig frå Norfakta's leverandør Byndle, der Norfakta til ei kvar tid har tilgang til marknadens mest oppdaterte telefonregister. I tillegg så er lister mottatt frå Ålesund kommune nytta til å kopla riktig valkrets på gateadresse.

Samandrag av resultat

Vurdering av ulike område dersom Haram blir skilt ut frå Ålesund som eigen kommune:

Opinionsundersøking - svar på spørsmål om tenestene
Tema Haram Resten av kommunen
Kommuneøkonomien der dei bur vil bli betre  59 % 23 %
Kommunale tenester der dei bur vil bli betre  44 % 22 %
Kompetansen i dei kommunale fagmiljøene der dei bur vil bli betre  68 % 31 %
Samfunnsutviklinga der dei bur vil bli betre  74 % 39 %
Lokaldemokratiet der dei bur vil bli betre  73 % 42 %

Basert på opinionsundersøkinga ville dette blitt resultatet frå ei folkeavstemming:

Opinionsundersøking - kommunedeling
Gamle kommunar For Mot Usikker/Vet ikke
Ålesund 46 % 49 % 6 %
Haram 69 % 25 % 6 %
Skodje 68 % 25 % 9 %
Ørskog 53 % 37 % 11 %
Sandøy 26 % 69 % 5 %
Totalt 50 % 43 % 6 %

Halvparten av innbyggarane i Ålesund kommune ville stemt for at Haram kunne bli utskilt frå Ålesund kommune dersom det var folkeavstemming i dag. 43 % ville ha stemt imot.

I «gamle» Haram kommune ville 69 % stemde for og 25 % imot. I to av dei andre «gamle» kommunane er det fleirtal mot at Haram kunne bli utskilt, nemleg Ålesund (46 % for/49 % mot) og dessutan Sandøy (26 % for/69 % imot).

Til toppen