Vedtok delingsbudsjett for etablering av to nye kommunar

Vedtok delingsbudsjett for etablering av to nye kommunar

Torsdag 27. oktober vart det avhalde kommunestyremøte i Ålesund rådhus. Ei av sakene som vart tatt opp var delingsbudsjettet for den kommande kommunedelinga, der ein skal etablere Haram 2024 og Ålesund 2024, samt avvikle eksisterande Ålesund kommune.  

Kommunestyresalen i forgrunnen, men talerstol og kommuneledelsen i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteKommunedelingsbudsjettet er no vedtatt av Ålesund kommunestyre. Her frå debatten i forkant av vedtaket. Jon Åge Giske Andersen

Bakgrunn for kommunedeling

Ålesund kommunestyre gjorde 17. mars i år vedtak om å søke om å dele Ålesund kommune, slik at delar av Haram blir utskilt som eigen kommune. I vedtaket var det ein føresetnad om at kommunen får dekt alle kostnadane knytt til delingsprosessen. I juni 2022 gjorde Stortinget vedtak om at Haram skulle få bli eigen kommune. 

Administrasjon har i etterkant av delingsvedtaket i Stortinget utarbeidd eit budsjett for delingsarbeidet. Grunnlag for budsjettet er identifisering av heilt nødvendige prosessar, leveransar og anskaffingar, der ein har gjort estimat for timeforbruk og kostnadar. 

Delingsbudsjett vedtatt

I møtet torsdag ettermiddag vart budsjettet vedtatt og vil då sendast saman med søknaden til Kommunal- og distriktsdepartementet innan frista 8. november. 

Vedtaket i sin heilskap var som følgjer: 

“1. Ålesund kommune vedtar prosjektbudsjett for etablering av Haram kommune og Ålesund kommune, og avvikling av noverande Ålesund kommune, for perioden 2022 – 2024 er på 237 millionar kroner (2022-kroner) slik det går fram av saka.  

2. Med utgangspunkt i Stortingets vedtak om kommunedeling 14. juni 2022 søker Ålesund kommune Kommunal- og distriktsdepartementet om dekning av 237 millionar kroner (2022-kroner) til bruk i delingsarbeidet.  

3. Ålesund kommunestyre føresett at kommunen får dekt alle kostnadar knytt til delingsprosessen, jmf vilkår satt av kommunestyret i samband med delingssøknaden K-sak 025/22 og legger dette til grunn for behandling av kommunens budsjett- og økonomiplan 2023-2027.  

4. Ålesund kommune forventer at staten dekker kostnadene. Det vil være en umulig økonomisk situasjon for begge de nye kommunene dersom staten ikke innfrir sitt løfte og dekker kostnadene med delingen. Ålesund kommune kan ikke risikere tjenestetilbudet for de to kommunene og ber Storinget omgjøre sitt vedtak om deling, dersom det ikke kommer en bindende avklaring innen 31. desember 2022.” 

Vegen vidare 

I etterkant av søknadsfristen 8. november startar saksbehandlinga i kommunal- og distriktsdepartementet. Ålesund kommune har bedt om ei avklaring innan 31. Desember 2022, jamfør vedtaket, og held i mellomtida fram med arbeidet i påvente av avgjersla. 

Få med deg siste nytt om kommunedelinga

Finn sakspapir og møteprotokoll

Sjå opptak frå kommune-tv

Til toppen