Sju vil bli kommunedirektør i Haram kommune

Sju vil bli kommunedirektør i Haram kommune

Sju personar har søkt stillinga som kommunedirektør i Haram kommune 2024.
Foto av Brattvåg sentrum med hus , sjø og båtar.  - Klikk for stort bileteBrattvåg 

Fristen for å søke stilling som kommunedirektør i det som blir Haram kommune frå 1.1.2024 gjekk ut 28.8.22. Tre kvinner og fire menn søkte stillinga.

Av dei fem er det to personar som ber om å bli unntatt innsyn. Kommuneadvokaten har gitt råd om å unnta offentleggjering av namn i samsvar med offentleglova § 25. Rekrutteringsutvalet sluttar seg til dette.

Kommuneutval Haram skal tilsette kommunedirektør. Dette er eitt av to utval nedsett for å førebu delinga av Ålesund kommune frå 1. januar 2024.  Datoen for tilsettingsmøtet er ikkje fastsett, men blir truleg i slutten av september.

- Vi er godt fornøgde med å ha fått fleire og gode søkarar til stillinga som kommunedirektør i Haram. Prosessen går no sin gang, og vi skal gjere så godt vi kan for å sikre at vi tilset i slutten av september. Det er viktig for å sikre tilsetjing raskt, seier Siv Katrin Ulla, som er leiar både for rekrutteringsutvalet og for kommuneutval Haram.

Søkarlista

Dette er søkarlista:

Søkarliste kommunedirektør Haram
Nr. Navn Alder Nåværende stilling Poststed Kjønn
1 Per Rosing-Petersen 61 Selvstændig konsulent Oslo Mann
2 Vicky-Lynn Spencer 34 Daglig leder Ålesund Kvinne
3 Søker er unntatt offentlighet Kvinne
4 Stein Erik Stubmo 53 Avdelingsleder økonomi Løkken verk Mann
5 Kristian Nedregård 48 Høgskolelektor i idrett/ Cand. Scient i idrett/ fysisk trening/ livreddende Ålesund Mann
6 Søker er unntatt offentlighet Mann
7 Ingebjørg Vamråk 51 Sjølvstendig næringsdrivande Høyanger Kvinne
Til toppen