Prosjektleiar Petter Sortevik presenterer ny overordna administrativ struktur
Jon Åge Giske Andersen
Vedtok ny overordna administrativ struktur
Prosjektleiar for Haram 2024, Petter Sortevik, presenterte den foreslegne administrative strukturen. Forslaget vart einstemmig vedtatt av utvalet, noko både prosjektleiar og påtroppande kommunedirektør Anders Hammer er særs nøgde med.
Den nye overordna administrative strukturen for Haram 2024
Strukturen skal bestå av fire kommuneområde, samt ei stab/støtte teneste. Kommuneområda er helse og omsorg, skule og barnehage, livsløp, og eigedom og tekniske tenester.
“Ein ser det elles som formålstenleg at satsing på det som tidlegare var barn, familie og integrering vært satt i eit eige kommunalområde. Ein nyttar no arbeidstittel «livsløp» der ein ser føre seg å legge til koordinering og tildeling, psykisk helseteneste, rus og ergo/fysio. Da vil ein samle tenester/einingar som støtter opp under innbyggarar og tenester i eit livsløpsperspektiv.”
Det er bestemt at overordna struktur i Ålesund 2024 skal vere den same som i noverande Ålesund.
Ålesund 2024 held fram med same overordna struktur
Budsjett og plassering av NAV-kontor
Økonomisjef i Ålesund kommune, Lars Fylling, orienterte om delingsbudsjettet. Her fekk kommuneutvala ei grundig innføring i budsjettgrunnlaget, og korleis ulike tildelingar frå staten vil kunne påverke kommunedelingsarbeidet. Begge utvala hadde anledning til å komme med uttalar som vert vidaresendt til kommunestyret. Saka skal opp i Ålesund kommunestyre 27. Oktober.
Fylkesdirektør i NAV Møre og Romsdal, Stein Veland, informerte kommuneutvala om korleis NAV Ålesund fungerer i dag, og korleis det kan kome til å sjå ut etter kommunedelinga. Det vil vere opp til politikarane om ein ønskjer å ha eit eige NAV-kontor i Haram, eller om ein ønskjer å ha ei fellesteneste.
I tillegg vart følgjande saker behandla:
-
Arnt Ove Tennfjord og Randi Frisvoll vart valde til høvesvis fast- og vararepresentantar til Haram kyrkjelege fellesråd.
-
Esther Walgermo og Frode Andresen vart valde til høvesvis fast- og vararepresentantar til Ålesund kyrkjelege fellesråd.
-
Kommunane sine gamle kommunevåpen og kommuneflagg vart reetablerte som gjeldande også for dei nye kommunene.
-
Oppgåveutval for ny politisk styringsmodell i Ålesund fekk fornya mandat.
Her kan du sjå protokoll og opptak frå møta i utvala:
Ålesund KommuneTV
Kommuneutval Ålesund 2022 - Ålesund kommune (alesund.kommune.no)
Kommuneutval Haram 2022 - Ålesund kommune (alesund.kommune.no)