Nye møte i kommuneutvala for Haram og Ålesund

Nye møte i kommuneutvala for Haram og Ålesund

Dame og mann ser mot kamera - Klikk for stort bileteRegine Bruteig og Petter Sortevik Ålesund kommune

Torsdag 6. oktober klokka 09.00 er det møte både i kommuneutval Haram (KUH) og kommuneutval Ålesund (KUÅ). 

Møtet for Haram 2024 er på Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg og møtet for Ålesund 2024 er i formannskapssalen på rådhuset i Ålesund.

Det blir direktesending frå begge møta.

Den nytilsette prosjektleiaren/kommunedirektøren for Haram, Anders Norvald Hammer, blir med og vil gje ei orientering på møtet i Brattvåg. Formelt startar han ikkje i jobben før ved årsskiftet. Petter Sortevik er prosjektleiar fram til Hammer startar.

På saklista i KUH står:

  • Administrativ organisering Haram 2024 - innleiande drøfting
  • Høyringssak - Bruk av videoovervaking - kommunale eigedommar
  • Møteplan for folkevalde organ i 2023

Saksdokumenta til møtet i kommuneutval Haram (KUH) 6.10. ligg på Innsyn.

Orienteringar i KUÅ

Kommuneutval Ålesund skal ha fleire orienteringar:

• Status Ålesund 2024 v/prosjektleiar Regine Bruteig
• Verksemdoverdraginga v/personalsjef Roar Reiten
• Økonomisk utgangspunkt v/økonomisjef Lars Fylling
• Dagens administrative organisering i Ålesund v/kommunedirektør Jon Steven Hasseldal 

På saklista i KUÅ står:

  • Kommunedirektør i Ålesund 2024
  • Høyringssak - Bruk av videoovervaking - kommunale eigedommar

Saksdokument til kommuneutval Ålesund 06.10.2022 - Ålesund kommune (alesund.kommune.no)

Her kan du sjå saka om kven som er prosjektleiarar og delprosjektleiarar.

Møtet i kommuneutval Ålesund kan du sjå på Kommune-TV

Til toppen