Prosjektleiar for Haram 2024 Anders Norvald Hammer
Jon Åge Giske Andersen
I haust vart det vedtatt i kommunestyret at dei to nye kommunene skulle ha eigne NAV-tenester, og ikkje inngå vertskommunesamarbeid. Kommunen mottok eit brev frå NAV Møre og Romsdal 21.02.2023, med ny informasjon.
Grunnhaldninga i brevet er at kommunane bør etablere eit vertskommunesamarbeid likevel. NAV foreslår ei prøveordning på to år, der Ålesund kommune er vertskommune for Haram kommune.
Kommuneutvala skal no ta stilling til informasjonen som kjem fram av brevet, og om kommunedirektør skal greie ut saka på ny.
Færre tilsette og spesialiserte tenester
Grunna endra budsjettramme for 2023 vil det vere 1-2 færre statlege tilsette ved eit NAV Haram enn tenkt tidlegare. Det vil vere 7-8 statlege tilsette, i staden for 8-9.
I brevet kom det også fram at Haram kan miste tilgang til enkelte tilbod om ein ikkje vel å samarbeide. Dette er spesialiserte tenestetilbod som i dag ligg i eigne avdelingar i NAV Ålesund og ikkje i dei fem avdelingane som gir heilskapleg arbeidsretta oppfølging.
Desse er:
-
Individuell jobbstøtte
-
Utvida oppfølging
-
Gjeldsrådgivning
NAV opplyser om at det kan vere råd å opprette desse tenestene i Haram kommune også. Per i dag er det berre Ålesund, Molde, Kristiansund og Søre Sunnmøre som har desse.
Barnehage på Longva
I 2020 var det 15 barn som stod utan barnehageplass når den private barnehagen la ned drifta av Longva barnehage. Kommunen valde då å inngå leigeavtale med eigarstyret til Longva barnehage for å kunne nytte lokala i tidlegare Longva barnehage som tilleggsareal for Haramsøy barnehage.
Dette er ikkje lengre nødvendig for å ha nok barnehageplassar, og kommunedirektøren har tilrådd å ikkje inngå ny leigeavtale. Saka skal vidare til formannskapet, men først har kommuneutval Haram høve til å komme med sin uttale.
Meir informasjon
I saksdokumenta finn du utfyllande informasjon om begge saker, dei kan du lese i Innsyn, med eigne sider for KU Haram og KU Ålesund.
Møta vert direktesendt på KommuneTV, opptaka kan også sjåast i etterkant.