Møte i kommuneutval ÅlesundFleire store saker står på sakskartet når kommuneutvalet for Ålesund frå 1.1.2024 skal ha møte førstkomande torsdag, altså 25. august. Peder Otto Dybvik Dei 11 medlemmane skal behandle følgande saker i møtet som skal vere på Ålesund rådhus i formannskapssalen: Interkommunalt samarbeid og eigarskap ved deling av Ålesund kommune Prinsippavklaringar for IKT ved kommunedeling Prinsippfråsegn for deling av Ålesund kommune Uttale frå Ålesund kommune til høyring om forslag til endringar i valforskrifta Uttale frå Ålesund kommune til høyring av utkast til forskrifter om gjennomføring av deling av Ålesund kommune Delegering av mynde - tilsetting av kommunedirektørar og anna nøkkelpersonell for Haram 2024 og Ålesund 2024 Møtet blir strøymt på Kommune-TV. Fullstendig møteinformasjon finn du her Kommuneutval Ålesund er leia av Anne Berit Støyva Emblem (Ap). Meir informasjon om prosessen som har vore og skal vere, står på samlesida om kommunedeling. Sist endra 20.03.2023 09.30