Illustrasjonsbilde
Torill Myren
Førre veke vedtok kommunestyret å setje delinga på pause. Dette var grunna i den manglande avklaringa frå staten om kor mykje kommunen får i delingsbudsjett. I ein trong økonomisk situasjon, har ikkje kommunen anledning til å legge ut for kostnadar som ein ikkje veit om blir dekt. Kor lenge kan pausen vare før det får store konsekvensar for både delinga og dagens kommune?
Kommunedirektøren seier at kvar dag som går aukar risikoen for å ikkje kome i mål til 1.1.2024.
“Prosessen er godt i gang, men situasjonen er prega av at ein har hatt stopp på eksterne kjøp og inngåing av avtaler med eksterne parter sidan 5. januar. Det er særleg kritisk for system på økonomi og ikkje minst dokument og arkivsystemet. No vert også arbeid med bemanning sett på vent. Det er svært avgrensa kor lenge det kan vente før det vil få store konsekvensar.”
Bemanningsutfordringar
I overgangen til nye kommunar må dei tilsette plasserast inn i nye organisasjonar. Dei overordna organisasjonsplanane er allereie utarbeida, men stoppen i delingsarbeidet betyr at ein ikkje kan gå vidare med bemanningsplanane og innplasseringa av tilsette. Det er snakk om berre et par vekers pause før ein risikerer ei alvorleg forskyving i framdrifta.
Dette aukar risikonivået
Prosjektleiaren for Haram 2024, Anders Hammer, er tydeleg på at ein stopp i delingsarbeidet er risikabelt.
“Når prosessar vert forsinka er det mykje ein vil hamne bakpå med, for mykje heng jo saman. Det er til dømes vanskeleg å utarbeide eit godt budsjett for ei kommune utan at dei tilsette er innplassert. Om ein ikkje får avklaringa snart vil det komplisere mykje av arbeidet ein skal gjere framover. Målet er å gi dei nye kommunane eit godt utgangspunkt”.
Kan bli ståande utan nødvendige fagsystem
Arbeidet med avtalar og fagsystem har stått på vent sidan kommunestyrevedtak 5. januar. Nokre avtalar er allereie signert, andre er anten klare for signering eller under arbeid. Innkjøpssjef Kariann Bigseth er bekymra for kor lenge pausen skal vare.
“Dess lenger vi venter, dess større vert belastninga på dei tilsette; det er dei som må ta igjen mykje av etterslepet. Om vi får dårleg tid til å gjennomføre vil dette også føre til større behov for overtid og innleigd arbeidskraft, som vert dyrt.”
Bigseth fortel at det også er stor risiko for at nødvendige fagsystem ikkje er på plass til 01.01.2024, noko som vil medføre ein vanskeleg start for dei to nye kommunane. For å ha god nok framdrift er det planlagt at 30 avtalar skal vere signert innan slutten av januar, og ytterlegare 30 innan slutten av mars. Så lenge delingsarbeidet er på vent, kan ikkje desse avtalane signerast.
Her kan du lese om kommunestyrevedtaket som satt kommunedelinga på pause.