Kommuneutvala samde om vertskommunesamarbeid

Kommuneutvala samde om vertskommunesamarbeid

Torsdag 24. november møttest kommuneutvala for siste gong i år. Møtet for Haram kommuneutval var på Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg og møtet for Ålesund kommuneutval var i formannskapssalen på rådhuset i Ålesund. 

Møtet i kommuneutval Haram vart halde på Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg Jon Åge Giske Andersen

Vil ha eigen NAV-teneste

Torsdagens møte starta med felles orientering om NAV-tenesta ved Synnøve Vasstrand Synnes, som er kommunalsjef for helse. Fokuset for orienteringa var ulike spørsmål knytt til fordelar og ulemper med vertskommunesamarbeid. 

I saka om NAV-tenesta var innstillinga frå kommunedirektøren å inngå eit vertskommunesamarbeid mellom dei to nye kommunane. Det kom eit forslag frå utvalet i Haram om å heller opprette ei uavhengig NAV-teneste i Haram 2024, som vart vedteke med 6 mot 5 stemmer. Ålesund kommuneutval vedtok å støtte valet som vart tatt av Haram kommuneutval, og saka gjeng dermed vidare til formannskapet med støtte frå begge utval. 

Samstemde utval

Dei andre sakene om kommunale teneste vart vedteke samrøystes i begge utval, i tråd med innstillinga frå kommunedirektøren. Utvala kjem dermed med følgande uttalar til formannskapet.
 

  • Brann og redning bør organiserast som vertskommunesamarbeid, med Ålesund som vertskommune. 

  • Landbrukstenesta bør organiserast som vertskommunesamarbeid, med Haram som vertskommune. 

  • Det bør vere ei eiga teneste for dokumentasjonsforvaltning og arkiv i Haram 2024. Det bør også leggast til rette for at det kan kjøpast tenester frå Ålesund 2024 knytt til systemforvaltning av arkivsystem, rådgjeving og brukarstøtte.  

Det er ikkje tenkt å inngå vertskommunesamarbeid om andre teneste enn dei som vart behandla av utvala i desse møta. 

Vil du sjå vedtaka i sin heilskap?
Her kan du finne sakspapir og protokoll, og opptak frå kommune-tv

Til toppen