Møtet 26.01 var gjennomført digitalt
Jon Åge Giske Andersen
Dagens ekstraordinære kommunestyremøte hadde berre ei sak på agendaen, om kommunedelinga skulle fortsette eller ikkje.
Ber Stortinget omgjere delingsvedtak
Eit fleirtal i kommunestyret gjekk for eit forslag om å sette kommunedelinga på vent. Forslaget lydde som følger:
1. Ålesund kommunestyre vedtek å stanse alt arbeid med kommunedelinga, fram til ein får stadfesta av departementet at alle delingskostnadane blir dekt som omsøkt utan å belaste kommunebudsjettet. Kommunestyret gir formannskapet fullmakt til å igangsette prosessen med kommunedeling når kommunen får melding om dekning av delingskostnadar.
2. Ålesund kommunestyre vedtok 05.01.2023 å søke om omgjering av delingsvedtaket. Ålesund kommunestyre vedtek derfor i samsvar med dette vedtaket følgjande presisering: Ålesund kommune søker om at Stortinget omgjer vedtaket frå 14. juni 2022 og forskrifta (FOR2022-10-03-1692) ved å utsette gjennomføring og iverksetting av kommunedelinga fram til ein får stadfesta av departementet at delingskostnadane blir dekt som omsøkt utan å belaste kommunebudsjettet.
3. Kommunedirektøren får fullmakt til å gjennomføre punkt 1 og 2.
Full stopp i delinga
Ålesund kommunestyre gjorde 17. mars i fjor vedtak om å søke om å dele Ålesund kommune, slik at delar av Haram blir utskilt som eigen kommune. I vedtaket var det ein føresetnad om at kommunen får dekt alle kostnadane knytt til delingsprosessen.
Administrasjon har utarbeidd eit budsjett for delingsarbeidet basert på heilt nødvendige kostnadar. Budsjettet på 237 millionar kroner vart vedtatt 27. oktober 2022, med følgande formulering tilknytta:
“Ålesund kommune kan ikke risikere tjenestetilbudet for de to kommunene og ber Storinget omgjøre sitt vedtak om deling, dersom det ikke kommer en bindende avklaring innen 31. desember 2022.”
Etter nyttår kom det ingen avklaring, og kommunestyret vedtok 5. januar å stoppe, så langt det let seg gjere, alt av eksterne innkjøp og anskaffingar knytt til kommunedelinga. I etterkant av møtet drog kommuneleiinga til Oslo for å møte med statsråd Gjelsvik, men dei mottok ingen avklaring.
No er det vedtatt ein full stopp i alt arbeid knytt til delinga, på ubestemt tid.
Les meir om kommunedeling på samlesida.