Kommunedeling og grensejusteringÅlesund kommunestyre har vedtatt å søkje om deling av kommunen og ei justering av kommunegrensa. Kart over Ålesund kommune. Kommunedelen Haram er markert med grøn farge. På møtet i Ålesund kommunestyre 17. mars blei saka om kommunedeling avgjort. Fleirtalet vedtok ei kommunedeling, men med andre grense enn det tidlegare Haram kommune hadde. Kommunestyret voterte først over kommunedirektøren sitt forslag om å seie nei til kommunedeling, fremma av Monica Molvær (Høgre). Forslaget fall med 33 mot 44 stemmer. Deretter blei det votert over formannskapet si innstilling, sett opp mot forslag frå Hans Kjetil Knutsen (Ålesundlista). Formannskapet si innstilling var ei utskiljing av Haram med kommunegrense slik den var på samanslåingstidspunktet 01.01.2020. Knutsen forslo ei utskiljing av Haram, med unntak av valkretsane Vatne/Tennfjord og Søvik/Grytestranda, som skal bli verande i Ålesund. Knutsen sitt alternative forslag vart vedtatt med 42 mot 35 stemmer. I protokollen kan ein sjå korleis den enkelte representant stemte. Den vil bli publisert etter at den er godkjent, truleg i løpet av fredag 18. mars. Bakgrunn Ålesund kommune fekk 21. oktober 2021 eit innbyggjarforslag med krav om folkerøysting i kommunedelen Haram. Målet for innbyggarinitiativet "Haram ut av Ålesund" var å få oppheva Stortinget sitt vedtak om tvangssamanslåing av 08.06.2017. Slik kommunestyret bestemte 25. november har det blitt laga ei konsekvensutgreiing, foretatt ei opinionsundersøking og holdt ei folkeavstemming. Meir informasjon om dette ligg på alesund.kommune.no/kommunedeling. Kva skjer vidare? Søknad om kommunedeling basert på vedtaket i kveld, vil bli sendt til departementet allereie i morgon, fredag 18. Mars. Meir informasjon Sjå saksframlegg Sjå protokoll frå kommunestyret sitt møte 17. mars 2022 (den vert truleg klar i løpet av fredag 18. mars) Alesund.kommune.no/kommunedeling. Sist endra 30.12.2022 09.53