Første møte i Kommuneutval HaramI kommunestyremøtet den 16. juni vart det vedteke å opprette to utval som skal behandle saker som gjeld førebuing og etablering av Haram kommune og Ålesund kommune frå 1.1.2024. Allereie førstkomande torsdag, den 23. juni, har Kommuneutval Haram sitt første møte. Kart over Ålesund kommune. Kommunedelen Haram er markert med grøn farge. Utvalet skal møtast på Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg og på agendaen står desse sakene: Iverksetting av prosess for tilsetting av prosjektleiar Uttale knytt til sak om nedlegging av Hildre barnehage Fullstendig møteinformasjon finn du her Det er Siv Ulla (Ap) som er vald til leiar for Kommuneutval Haram, nestleiar er Cine Finstad Austnes (FrP). Sjå gjerne vår samleside om kommunedeling for informasjon om framdrift med meir. Sist endra 21.06.2022 13.35