Formannskapet ber om stopp i kommunedelinga

I årets første formannskapsmøte orienterte Kommunedirektør Jon Steven Hasseldal om kommunedelinga, og fortalte at departementet framleis ikkje hadde avklart om kostnadane ved kommunedeling kom til å bli dekt.

Tre personar ved møtebord - Klikk for stort bileteOrdførar, kommunedirektør og varaordførar. Jon Åge Giske Andersen

Ålesund kommunestyre gjorde 17. mars i år vedtak om å søke om å dele Ålesund kommune, slik at delar av Haram blir utskilt som eigen kommune. I vedtaket var det ein føresetnad om at kommunen får dekt alle kostnadane knytt til delingsprosessen. I juni 2022 gjorde Stortinget vedtak om at Haram skulle få bli eigen kommune.

Administrasjon har i etterkant av delingsvedtaket i Stortinget utarbeidd eit budsjett for delingsarbeidet. Grunnlag for budsjettet er identifisering av heilt nødvendige prosessar, leveransar og anskaffingar, der ein har gjort estimat for timeforbruk og kostnadar.

Ingen bindande avklaring

I kommunestyremøtet 27. oktober vart budsjettet vedteke, og oversendt til Kommunal og distriktsdepartementet. Det vedtekne budsjettet var på 237 millionar kroner, og dermed mykje meir enn det regjeringa hadde lagt av i sitt foreslegne statsbudsjett. Kommunestyret vedtok også følgande formulering:
 

“Ålesund kommune kan ikke risikere tjenestetilbudet for de to kommunene og ber Storinget omgjøre sitt vedtak om deling, dersom det ikke kommer en bindende avklaring innen 31. desember 2022.”

I slutten av november vart det halde eit møte mellom departementet og kommunen, der representantane frå staten uttrykte at det ikkje var behov for å sende inn meir dokumentasjon, og at dei hadde fått svar på spørsmåla sine. Før jul vart det klart at det ikkje vart lagt av meir pengar til deling av kommunar og fylkeskommunar i statsbudsjettet. 

Noregs einaste kommunedeling

I møtet 3. januar orienterte kommunedirektøren om dialogen med departementet, og om at den avklaringa kommunestyret bad om ikkje har kome. Ordførar Eva Vinje Aurdal opplev dette som veldig skuffande.
 

“Vi er Noregs einaste kommunedeling, og situasjonen vi har blitt sett i er veldig skuffande, det er veldig alvorleg. Vi har eit vedtak frå kommunestyret som seier noko om vegen vidare om vi ikkje har fått tryggheit. Kva gjer vi?”.
 

Ein vanskeleg situasjon

Eit fleirtal i formannskapet vedtok følgande formulering, som skal vidare til kommunestyret for endeleg avgjersle:

1 Kommunestyret i Ålesund følgjer lojalt opp Stortingsvedtak 14.6, 2022 om deling av Ålesund kommune og arbeidet pågår no for fullt. Forutsetninga for dette omfattande og krevjande arbeidet var at kostnadane, etter signal frå regjeringa, skulle dekkjast av staten. Vårt delingsbudsjett er utarbeid i tråd med signal og føringar frå KDU. Vårt nyleg vedtekne budsjett og vår økonomiplan byggjer på dette.

Når departementet ikkje vil gi oss svar på når vi kan få garanti for at kostnadane blir dekka, skaper dette ein vanskeleg situasjon for Ålesund. Vedtaket frå kommunestyremøtet 27.10, 2022 ( sak 145/22) er tydeleg på at Ålesund ikkje kan bere desse kostnadane. Derfor ser vi oss nøydd til å be Stortinget gjere om på delingsvedtaket.

2 Kommunestyret ber ordførar og varaordførar om å snarast få eit møte med nasjonal politisk leiing.

I tillegg vart følgande vedteke einstemmig:

Ålesund kommune stopper umiddelbart så langt som mulig alle eksterne kjøp av varer og tjenester i tilknytning til kommunedelinger.

Mange av representantane var tydelege på at dei ikkje ønsker å avbryte reverseringa, men at ein må sende eit tydeleg signal.

Utfordrande å stoppe

Kommunedirektør Jon Steven Hasseldal er tydeleg på at ei avklaring må komme raskt, for å halde framdrifta i gong.

“Denne prosessen er i utgangspunktet krevjande tidsmessig, og sjølv om vi er godt i gong toler vi knapt nok ei utsetting. Vi er heilt avhengig av å halde framdrifta, om vi ikkje får ei rask avklaring er eg redd vi kjem til å slite med å vere klare 01.01.2024. Det er mange kritiske fagsystem vi må få på plass, og vi fyller på med folk for å styrke kapasiteten, folk vi per no ikkje har dekning for. Pengane ruller ut no, både til tilsettingar, overtid og til tenester vi er nøydd til å kjøpe.”

Torsdag 5. januar vert det haldt ekstraordinært kommunestyremøte, her skal dei ta stilling til formannskapets innstilling, og ta ei endeleg avgjerd.