Direkte møte mellom Ålesund og kommunalkomiteen på Stortinget

Direkte møte mellom Ålesund og kommunalkomiteen på Stortinget

Som einaste kommune i landet i tillegg til Oslo får Ålesund direkte taletid til kommunalkomiteen mandag. Tema er kommunedeling.  Og du kan sjå via «Stortings-TV».

Som regel inviterer stortingskomiteane alle relevante organisasjonar som har søkt om å delta på høyring, men organisasjonane bør vere landsomfattande. Denne gongen får likevel Ålesund kommune delta på høyringa til det framlagte statsbudsjettet.

Gjennom to lange dagar skal kommunalkomiteen møte over 100 ulike instansar i eit stramt program der alle får tre minutt.

Kostnader og konsekvensar for Ålesund

På desse tre minutta skal varaordførar Vebjørn Krogsæter og kommunedirektør Steven Hasseldal legge fram behovet Ålesund har for å få dekt alle kostnader knytt til kommunedeling. I innlegget vil dei ta med både om den økonomiske situasjonen i kommunen og kva konsekvensar det vil få dersom ein ikkje får dekt kostnadene. I tillegg vil ein seie noko om kva som ligg bak tala og kostnadene ved kommunedeling.

Vebjørn Krogsæter og Steven Hasseldal får også vere med på spørsmålsrunda etter innlegga på føremiddag mandag. Den felles spørsmålsrunda etter føremiddagen kjem rett etter Ålesund sitt innlegg.

Målet med å vere med på høyringa er å gi forståing for Ålesund sin situasjon og påverke politikarane til å halde tidlegare lovnader om dekke utgiftene til kommune- og fylkesdeling.

Den samla kostnaden for å dele Ålesund kommune, Viken fylkeskommune, Troms og Finnmark fylkeskommune og Telemark og Vestfold fylkeskommune er venta å vere 824 millionar kroner medan det er sett av 200 millionar kroner i statsbudsjettet. 

Sjå frå møtet via nett-tv

Ålesund står på programmet klokka 11.21 til 11.24 mandag 24. oktober med påfølgande spørsmålsrunde, og du kan følgje med på møtet i kommunalkomiteen via sending frå «Stortings-TV» her.

Til toppen