Budsjett og utgifter ved kommunedeling

Budsjett og utgifter ved kommunedeling

Torsdag kom statsbudsjettet med kva regjeringa foreslår å dekke av kostnadane til Ålesund og tre fylkeskommunar. Ålesund kommune har klar ei førebels utrekning av kva kommunedelinga vil koste.

Kart-illustrasjon - Klikk for stort bileteKart over Ålesund kommune. Kommunedelen Haram er markert med grøn farge.

Torsdag 6. oktober blei statsbudsjettet kjent. I dette kjem det mellom anna fram at «Regjeringen foreslår å bevilge 200 millioner kroner i 2023 til dekning av direkte kostnader ved deling av fylkeskommunene Vestfold og Telemark, Troms og Finnmark og Viken, samt Ålesund kommune.»

Fylkeskommunane og Ålesund kommune har frist til 8. november på å sende inn sine delingsbudsjett. Utkast til delingsbudsjett for Ålesund kommune vil vere klar frå kommunedirektøren, og blir sendt ut som politisk sak 13. oktober.

Saka skal behandlast i formannskapet 20. oktober. Førebelse tal frå kommunedirektøren er at delinga av Ålesund kommune vil koste ca. 237 millionar kroner.
 

Til toppen