Nyheiter om kommunedeling

Regjeringa føreslår at gamle Haram blir ny kommune

  Tysdag 3. mai blei det kjent at regjeringa vil fremje forslag for Stortinget om at Ålesund kommune skal delast, og at gamle Haram kommune blir eigen kommune. 

Svar til kommunal- og distriktsdepartementet om kommunedeling

Måndag 21. mars fekk Ålesund kommune eit brev frå Kommunal- og distriktsdepartementet. Dei viser til kommunen sin søknad frå 18. mars om kommunedeling og behov for supplerande informasjon.  No er svaret sendt over til frå Kommunal- og distriktsdepartementet og vi legg ut både brevet og svaret frå kommunen. 

Kommunedeling og grensejustering

Ålesund kommunestyre har vedtatt å søkje om deling av kommunen og ei justering av kommunegrensa.  

Resultat frå folkeavstemming om kommunedeling

Endeleg resultat frå folkeavstemminga er no klart. 3 642 ønsker Haram utskilt som eigen kommune, medan 1 434 ønsker at Haram fortsatt skal vere ein del av Ålesund kommune.

Resultat frå opinionsundersøkinga og førehandsstemminga

No er vallokala stengt og vi kan offentleggjere resultat frå førehandsstemminga og svar frå opinionsundersøkinga.

Fortløpande spørsmål og svar om kommunedeling 

Spørsmålet om kommunedeling har stor offentleg interesse, og på kommunen si temaside vil vi fortløpande publisere spørsmål frå, og svar til, kommunestyrerepresentantane.         

Her svarer BDO om rapporten 

BDO har svart på fleire spørsmål om kunnskapsgrunnlaget. Dei tilbakeviser påstandar om mellom anna reknefeil. – Eg har tillit til rapporten og svara dei gir, seier kommunedirektøren. 

Folkemøte om kommunedeling

Det blir arrangert ulike folkemøte som gjeld eventuell kommunedeling. Ålesund kommune står berre bak det digitale folkemøtet fredag 18.02.  

Kva blir konsekvensane av ei kommunedeling?

No er rapporten klar om kva konsekvensar det kan få dersom Haram går ut av Ålesund. Offentleggjeringa i dag gir eit større kunnskapsgrunnlag før opinionsundersøkinga og folkeavstemminga.  

Kommunedeling?

Det skal vere folkerøysting og opinionsundersøking knytt til innbyggarinitiativet «Haram ut av Ålesund». Sjå korleis det skal gå føre seg.  
Til toppen