Kunnskapsgrunnlag

Kunnskapsgrunnlaget - Slik får du informasjon før du skal seie meininga di

Mange etterspør meir informasjon for å kunne ta ei avgjerd om å stemme for eller mot kommuneoppløysing. Kommunestyret har derfor vedtatt ei ekstern utgreiing, som skal hjelpe innbyggjarane i å få eit tydelegare bilete av kva ei kommuneoppløysing fører med seg. 

Kva informasjon vil du få om kva konsekvensar det vil ha dersom Haram går ut av Ålesund? 

Det internasjonale rådgivings- og revisjonsselskapet BDO utfører denne kunnskapsinnhentinga. Dei skal finne ut følgande: 

a) klargjere kva konsekvensar delinga vil få for den utskilte kommunen og gjenverande kommune knytt til samfunnsutvikling, tenester til innbyggarane, økonomi, utøving av mynde, lokaldemokrati og kommunen som arbeidsgivar 

b) klargjere kva prosessen fram til oppløysning vil innebere i forhold til kostnadar, prosjektbygging og organisering 

c) synleggjere i kva grad det vert behov for kjøp av tenester og interkommunalt samarbeid i dei nye organisasjonane 

NB! Vi forstår at mange av dykk lurer på mange små og store detaljar, til dømes kor vidt dei nye kommunene vil ha eigedomsskatt og kva satsane vil vere. Så langt ned i detaljane vil ikkje eit slikt kunnskapsgrunnlag kunne gå. 

Når og korleis får du informasjonen?

BDO er ferdig med arbeidet sitt i veke 6, og kunnskapsgrunnlaget kan de få tilgang til på ulike måtar: 

I sakspapira til kommunestyret, som blir sendt ut 10. februar, til kommunestyremøtet som vil vere 17. februar: møteplan for kommunestyret med alle saker

18. februar vil det vere eit digitalt folkemøte der BDO vil presentere resultata av utgreiinga si. I forkant av dette kan de sende inn spørsmål, og vi vil og prøve å svare ut spørsmål digitalt i møtet. 

Kommunen vil sende ut skriftleg informasjon til alle husstandar om kunnskapsgrunnlaget i tillegg til praktisk informasjon knytt til folkerøystinga. 

Til toppen