Framdrift - innbyggarforslaget "Haram ut av Ålesund"

Framdrift for kommunedeling

Den nye regjeringa har opna opp for at tvangssamanslåtte kommunar kan bli oppløyste dersom kommunestyret sender søknad om dette til departementet innan 01.03.2022.

"Haram ut av Ålesund"

Kommunen mottok 21. oktober 2021 eit innbyggarforslag med krav om folkerøysting i kommunedelen Haram. Målet for innbyggarinitiativet "Haram ut av Ålesund" er å få oppheva Stortinget sitt vedtak om tvangssamanslåing av 08.06.2017. For å oppnå dette krev innbyggarforslaget at det blir gjennomført ei folkerøysting.

Sjå tidslinje for kva som skal skje når til slutt i denne artikkelen.

Ålesund kommunestyre behandla saka i møte 25. november. Då fatta kommunestyret vedtak om å gjennomføre folkerøysting i Haram kommunedel. I tillegg bad kommunestyret om at det blir gjennomført ei opinionsundersøking i heile kommunen. Før dette skal kommunen skaffe eit kunnskapsgrunnlag gjennom ei ekstern utgreiing som klargjer kva konsekvensar delinga eventuelt vil få for den utskilde kommunen og den gjenverande kommunen.  

Utgreiinga skal:

a) klargjere kva konsekvensar delinga vil få for den utskilte kommunen og gjenverande kommune knytt til samfunnsutvikling, tenester til innbyggarane, økonomi, utøving av mynde, lokaldemokrati og kommunen som arbeidsgivar,

b) klargjere kva prosessen fram til oppløysning vil innebere i forhold til kostnadar, prosjektbygging og organisering.

c) ha som del av kunnskapsgrunnlaget utgreiingar som vart gjort i samband med samanslåingsprosessane i dei fem kommunane.

Før innbyggarane skal ta stilling til delingsspørsmålet, vil Ålesund kommune gjennom Posten sende ut skriftleg informasjon til alle husstandar i kommunen.

 

Formannskapsvedtak

Formannskapet viste i møte 30.11.2021 til at den økonomiske støtta frå staten ikkje vil dekke dei reelle kostnadane ved ei konsekvensutgreiing og påfølgande gjennomføring av folkeavstemming/opinionundersøkelse. Kommunedirektøren vart derfor bedt om å søke staten om full dekning av utgifter relatert til konsekvensutgreiing, folkeavstemming og opinionundersøkelse.

Formannskapet meiner at det vil vere ein styrke om det kunne synleggjerast i kva grad det vert behov for kjøp av tenester og interkommunalt samarbeid i dei nye organisasjonane.

Sjå sakspapir frå kommunestyret som gjeld Haram ut av Ålesund.

Haram kommune

Tidlegare Haram kommune utgjer i dag tre kommunedelar i Ålesund kommune. Dei tre kommunedelane som er omfatta av forslaget er:

  • Nordøyane
  • Brattvåg, Hilde og Søvik
  • Vatne og Tennfjord

I sum utgjer dette ca. 10.000 innbyggjarar.

Sjå kart over dei 11 kommunedelane i Ålesund kommune.

Framdrift

21. oktober 2021

Innbyggjarforslag levert kommunen.

25. november 2021

Kommunestyret behandla innbyggjarforslaget og bestemte at ein skal sette i gang med ei utgreiing/ folkerøysting/ opinionsundersøking.

21. desember

Signering av avtale med ekstern konsulent som skal utgreie konsekvensar av oppløysing.

22. desember

Arbeidet med konsekvensutgreiing startar.

18. januar 2022

Møte i Ålesund valstyre som avgjer detaljane i prosessen vidare.

Veke 6 i 2022

Konsekvensutgreiinga er klar.

17. februar 2022

Møte i Ålesund kommunestyre der konsekvensutgreiinga blir presentert.

18. februar 2022

Digitalt folkemøte der publikum kan få stille spørsmål til både folkevalde, gruppeleiarar i dei politiske partia og til kommunedirektøren.

19. — 25. februar 2022

Opinionsundersøking. Då vil folk i heile Ålesund kommune bli kontakta for å seie si meining om oppløysing.

24. februar — 2. mars 2022

Førehandsrøysting i samband med folkerøystinga i tidlegare Haram kommune.

3. mars 2022

Folkerøysting i tidlegare Haram kommune.

4. mars 2022

Valstyret i kommunen trer saman for å godkjenne resultata.

17. mars 2022

Møte i Ålesund kommunestyre som avgjer om ein skal søke om oppløysing. Dersom kommunen vel å søke om oppløysing går brev til departementet same dag som kommunestyret fattar vedtak.

Til toppen