Folkerøysting

Folkerøysting

Ålesund kommune har gjennomført folkerøysting i Haram kommunedel, slik innbyggarinitiativet "Haram ut av Ålesund" bad om. Det har vore førehandsstemming i perioden 24. februar til 1. mars og valdag torsdag 3. mars.

Alle innbyggjarar medr bustadsadresse i tidlegare Haram kommune som fyller 16 år i år (fødd i 2006) hadde stemmerett. Valstyret (formannskapet) vedtok 18.1. 2022 korleis valet skulle gjennomførast.

Endeleg resultat valdagen og førehandsstemming

Valstyret hadde møte 4. mars der dei godkjende valresultatet. 

Resultatet viser at3 642 (71,75%) ønsker Haram utskilt som eigen kommune, medan 1 434 (28,25%) ønsker at Haram fortsatt skal vere ein del av Ålesund kommune.

Stemmetal valdag, førehandsstemming og totalt
Krets Haram utskilt som eigen kommune Haram fortsatt i Ålesund kommune Blanke setlar
Vatne og Tennfjord 570 601 23
Brattvåg, Helland, Hildre og Fjørtoft 384 68 8
Lepsøy 116 61 0
Haramsøy og Longva 278 110 10
Søvik og Grytastranda 228 (korrigert frå 227) 300 (korrigert frå 301) 10
SUM 1576 1140 51
Samla førehandsstemmer 2063 (korrigert med seint innkomne frå 2053) 294 (korrigert med seint innkomne frå 283) 21
Tvilsame godkjent av valstyret 3
Totalsum 3642 1434 72

Her er tabell etter korrigeringar med blanke stemmer, nokre seint innkomne og tre setlar det var tvil om som vart godkjent av valstyret fredag 4. mars.

Deltaking

Denne oversikta viser kor mange røysteføre i ein krins som har førehandsstemt i perioden 24. februar til 1. mars. (Tabellen er ikkje justert for dei få seint innkomne stemmene).

Førehandsstemming - stemmetal
Krets Røysteføre Førehandsstemme Prosentvis oppmøte
Utan fast bustad 67 1 1,49 %
Vatne og Tennfjord 2414 332 13,75 %
Brattvåg, Helland og Hildre 2717 1484 54,62 %
Lepsøy 287 46 16,03 %
Harmsøy og Longva 894 195 21,81 %
Fjørtoft (tellast saman med Brattvåg, Helland og Hildre) 102 9 8,82 %
Søvik og Grytastranda 1348 302 22,40 %
SUM 7829 2369 30,26 %

Denne oversikta viser kor mange røysteføre i ein krins som stemte på valdagen 3. mars og det totale talet per krins:

Valdag - stemmetal
Krets Røysteføre Stemte på valdagen Prosentvis oppmøte Prosentvis totalt (førehand og valdag)
Utan fast bustad 66 0 0,00% 1,49%
Vatne og Tennfjord 2414 1171 48,59% 62,34%
Brattvåg, Helland og Hildre 2717 386 14,21% 68,83%
Lepsøy 287 177 62,02% 78,05%
Harmsøy og Longva 894 399 44,63% 66,44%
Fjørtoft (tellast saman med Brattvåg, Helland og Hildre) 102 65 63,73% 72,55%
Søvik og Grytastranda 1348 565 41,91% 64,32%
SUM 7829 2763 35,33% 65,59%
Til toppen